Vikariat - høgskuleutdanna behandlar
Indre Sogn psykiatrisenter, seksjon Dag - Helse Førde
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Seksjon Dag ved Indre Sogn psykiatrisenter er det ledig 100% vikariat som høgskuleutdanna behandlar.
Arbeidsperiode: august 2026 - august 2027. Tidlegare oppstart kan avtalast.
Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne DPS delt i seksjon Dag og Døgn. Seksjon Dag er ein psykiatrisk poliklinikk for personar over 18 år. På poliklinikken er vi ei gruppe tilsette med ulik fagleg bakgrunn, og vi har eit godt samarbeid på tvers av kompetanse og funksjon.
Vi tilbyr behandling til personar med ulike psykiske lidingar, rusavhengigheit, straffedømde i fengsel og til eldre med psykiske lidingar og/eller kognitive utfordringar
På poliklinikken har vi faste møter der vi alle er samla for å utveksle erfaringar, informasjon, undervisning og ikkje minst for å legge gode planar for godt sosialt fellesskap.
Vi har tverrfagleg samansette team som gir kvarandre støtte, rettleiing og motivasjon i det kliniske arbeidet.
Vi har gode moglegheiter for kompetanseheving, og organisasjonen vår har fokus på kunnskapsbasert behandling.
Vertskommunen er Sogndal og opptaksområdet vårt har om lag 30 000 innbyggjarar. Kommunane i Indre Sogn er mellom anna kjende for sine bratte fjell og unike natur, som er skapt for ei aktiv fritid: https://www.sogn.no
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, vurdering og behandling av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
- Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov og medverknad
- Samhandling med pårørande
- Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
- Poliklinisk og ambulant arbeid
Kvalifikasjonar
- Helse-/sosialfagleg bachelorutdanning, med relevant vidareutdanning (eventuelt er du i gang med relevant vidareutdanning per i dag)
- Erfaring frå arbeid med psykiske lidingar og/eller rus er eit absolutt krav
- Førarkort klasse B er ein fordel
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Evne til å skape gode relasjonar
- Gode samarbeidsevner
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Lyst til å utvikle deg saman med oss
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Gode mulegheiter for fagleg utvikling
- Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Trivelig arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anita Nornes, seksjonsleiar, 47280133Øyvin Helge Myrmel, Avd.sjef, +47 415 30 396
Arbeidssted
Dalavegen 296856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5076164855
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 22.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449678967
- Sist endret

