Spesialsjukepleiar
Nyfødt intensiv post Haugesund sjukehus
- Frist 19.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere der for dei aller minste – når livet startar i ei sårbar stund?
På nyfødt intensiv i Haugesund tek vi imot premature og sjuke nyfødde frå veke 28, og spedbarn opp til 6 månader som treng intensiv behandling. Her speler du ei nøkkelrolle i starten på livet til våre mest sårbare pasientar.
Hos oss blir du del av eit kompetent og engasjert team som jobbar tett saman for å gi trygg, avansert og omsorgsfull behandling – i tett samarbeid med foreldre.
Vi legg stor vekt på opplæring, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø, og gir deg støtte gjennom både kollegaer og faste simuleringar.
👉 No har vi ledig fast 100 % stilling i tredelt turnus – og du er hjarteleg velkommen til å søkje.
Kva går jobben ut på?
- Generell pasientoppfølging.
- Undervisning for pasientar, foreldre og grupper.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Spesialsjukepleiar med vidareutdanning i nyfødtsjukepleie, pediatri og intensivsjukepleie er ønskeleg.
- Erfaring frå liknande avdeling er ein fordel.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- trivst med nattarbeid og er oppteken av å ta godt vare på pasientar
- er fagleg sterk, strukturert og presis, med god forståing av ansvarsområdet ditt
- er trygg i akutte situasjonar og i omsorg for alvorleg og akutt sjuke barn
- har gode samarbeidsevner og villig til å samarbeide på tvers av avdelingane
- er åpen for nye utfordringar og har god arbeidskapasitet
- har et ønske om å bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Kvifor skal du velje oss?
- Ein triveleg, variert og spanande arbeidsplass med høgt fagleg nivå.
- Stabilt og dyktig personale.
- Godt arbeidsmiljø.
- Teamarbeid.
- God opplæring og ukentleg simulering .
- Faglege utfordringar.
Kontaktinformasjon
Mette Erdal, Funksjonsleiar, 930 21 295Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5075354710
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449670637
- Sist endret