
Administrerende direktør for Statens pensjonskasse
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
- Frist 23.02.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Administrerende direktør - Statens pensjonskasse
Administrerende direktør for statens pensjonskasse
Statens pensjonskasse (SPK) er ei verksemd under Arbeids- og inkluderingsdepartementet og ein viktig samfunnsaktør i utforminga og forvaltinga av den statlege pensjonspolitikken. SPK har òg sentrale oppdrag for andre departement, mellom anna Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD). SPK har høg måloppnåing både i dagleg drift og utviklingsarbeidet.
Vi søker ein kunnskapsrik, tydeleg og utviklingsorientert direktør for SPK som kan medverke til å vidareutvikle og styrke rolla til SPK i ei tid der pensjonssystemet er i endring. Som leiar for SPK skal du sørge for at verksemda har solid utviklings- og analysekompetanse som støttar opp under regjeringa si politikkutforming på SPK sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
Kva slags bakgrunn har du?
- Utdanning på masternivå
- God kjennskap til politikkområdet
- God kunnskap om statleg forvalting
- God rolleforståing
- Solid og relevant leiarerfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
- Solid pensjonsfagleg kompetanse
Kven ser vi etter?
- Du har eit sterkt engasjement for pensjonsområdet og evne til å skape resultat utover eiga verksemd.
- Du samarbeider og kommuniserer godt og ope med andre.
- Du evnar å sette retning for utviklingsarbeidet og har god gjennomføringsevne.
- Du er trygg i leiarrolla og har evne til å samle organisasjonen rundt sentrale strategiske mål.
- Du har god heilskapsforståing.
Annan informasjon
Stillinga er eit åremål på seks år med høve til ytterlegare seks år etter kunngjering og søknad. Lønn etter avtale.
Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi tek kontakt dersom ønsket ditt ikkje kan innfriast.
Stillinga krev tryggleiksklarering.
FerdigheterAI-generert
- Offentlig forvaltning
- Pensjon (personaladministrasjon)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
SPK er tenestepensjonsleverandør for staten, for lærarar i kommunal og fylkeskommunal sektor, for enkelte andre verksemder med nær tilknyting til staten og nokre tidlegare statlege verksemder. SPK forvaltar pensjonsrettar på om lag 810 milliardar kroner for kring 1 300 verksemder og 1,2 millionar medlemmar.
Ulike erstatnings- og kompensasjonsordningar for staten høyrer òg til SPK sitt ansvarsområde. I tillegg forvalter SPK den statlege bustadlånsordninga på vegne av DFD.
SPK har om lag 470 tilsette og held til på Skøyen i Oslo.
Sjå www.spk.no for meir informasjon.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Verkstedveien 1, 0277 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449666211
- Sist endret
