Maskinsjef i sommarrute og ressursgruppe i 2:4-turnus!
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 20.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Dersom du ønskjer ein jobb der ingen dagar er heilt like, og der du får både utfordringar og utviklingsmoglegheiter, er dette stillinga for deg.
I stillinga som maskinsjef vil du vere ein del av vår ressursgruppe, med fast omdisponering til sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd, p.t. MF Lifjord fra ca. mai til og med september.
Utanfor sommarsesongen vil du vere ein del av ressursgruppa i Vestland og bidra til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband, og reservefartøy som MF Lifjord, MF Solskjel og MF Sogn. I denne rolla vil du vere utsjekka på fleire fartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som maskinsjef.
Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og fire veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 98-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale.
Dine arbeidsoppgåver
Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Kvalifikasjonar
- M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- FSE Lav- og høyspenning med førstehjelp
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Kven er du?
Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Det Norske Maskinistforbund.
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Skiftordning: 2 veker på, og 4 veker av
- Ein kan bu om bord når ein er på vakt.
- Attraktive velferdsordningar: Firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Kvalvågnesvegen 6815956 Hundvin
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5076131305
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449645819
- Sist endret
