Rådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 01.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar / forretningsarkitekt
Skyss sitt transporttilbod påverkar titusenvis av reisande kvar einaste dag. Vil du bli ein del av det tverrfaglege teamet vårt?
Vi skal gjere eit løft for å styrke arbeidet med digitale avtalar og dataflyt mellom Skyss og operatørselskapa våre. Vi treng derfor ein forretningsarkitekt som skal ha ei nøkkelrolle i å utvikle og forvalte digitale datakontraktar med buss-, bybane-, båt- og ferjeoperatørar.
Du vil vere bindeledd mellom forretning, teknologi, operatørar og eigarar og skal bidra til at vi får på plass gode prosessar, tydelege digitale krav og standardiserte grensesnitt som gjer at vi kan samle inn data, analysere, skape innsikt og følge opp kollektivtrafikken i Vestland 24/7.
Arbeidsoppgåver
I denne rolla skal du mellom anna:
- Utvikle og forvalte Skyss sine digitale avtalar og datakontraktar med operatørane, saman med kollegaer i Skyss og kollegaer i andre offentleg eigde kollektivselskap.
- Kartlegge og beskrive korleis informasjon skal flyte mellom køyretøy/fartøy, operatørar, Skyss og kunderetta løysingar (sanntid, avvik, billettering m.m.).
- Omsette strategiar og behov frå forretninga til konkrete krav til data, grensesnitt og digitale tenester som kan utviklast av produktteam og leverandørar.
- Vere prosessleiar for arbeid med digitale avtalar, og sikre involvering frå eigarar, operatørar, juss- og teknologimiljø.
- Bidra i anskaffingar ved å formulere og kvalitetssikre krav til data, API-ar, integrasjonar og informasjonskvalitet i anbod og kontraktar.
- Lage enkle prosess- og informasjonsmodellar som gjer det lett for fagmiljø, leiarar og leverandørar å forstå korleis løysingane heng saman.
- Følge opp og vidareutvikle felles strategiar, standardar og vegkart for digitale avtalar og grensesnitt i Skyss og i samarbeid med resten av kollektivbransjen.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevante fagområde (teknologi, økonomi, samfunnsfag, juss eller liknande). Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan òg bli vurderte. Då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonane.
- God forståing for eller interesse for data- og informasjonsarkitektur og korleis data kan bli brukt til å skape betre tenester for dei reisande.
- Erfaring frå arbeid med avtalar, prosessar eller standardiserte grensesnitt, gjerne frå kollektiv-/mobilitetsbransjen eller liknande.
- Kjennskap til digitale løysingar og plattformer, og evne til å snakke forståeleg med både forretning og teknologar.
- Det er ein fordel om du har erfaring frå prosjekt- eller produktarbeid.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å skape tillit hos både interne og eksterne partnarar
- Motiverer andre, tar initiativ og liker å drive prosessar framover på ein strukturert måte
- Kan kommunisere og argumentere strukturert og datainformert og gjere komplekse problemstillingar enkle å forstå
- Trivst med tverrfagleg arbeid og med å vere bindeledd mellom forretning, teknologi, operatørar og eigarar
- Ser heilskap og samanhengar, men kan òg gå i detalj når det trengst for å sikre kvalitet i avtalar og løysingar
- Er sjølvgåande, ansvarleg og ein pådrivar for at ting faktisk blir gjennomført
Vi tilbyr
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer og tett samarbeid på tvers av fagområde
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstidsordning og høve til noko heimekontor etter avtale
- Løn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Arbeidsstad i Bergen, Førde eller Leikanger
Andre opplysningar:
- Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder
- Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Application Programming Interfaces (APIs)
- Digitale ferdigheter
- Grensesnitt
- Informasjonsarkitektur
- Kontraktshåndtering
- Kunnskap om teknologi
- Prosessmodellering
- Utforming av kontrakter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 5,7 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Dataarktitekt, Kontor og administrasjon, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Skyss, Kollektivtransport, Samferdsel, Infrastruktur, Forretningsutvikler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449635926
- Sist endret

