Ferievikar Matforsyning
Helse Fonna HF
- Frist 01.04.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ferievikarer Matforsyning
Vi søkjer engasjerte ferievikarar som ønskjer å ta fatt på rolla som matvert.
Stillingane gjeld for perioden juni–august, med moglegheit for tilsetjing også utover denne perioden. Omfanget varierer frå 75 til 100 prosent. Opplæringsvakter og eventuelle ekstravakter kjem i tillegg. Det må påreknast arbeid om lag annakvar helg.
Er du lærevillig og arbeidsam, ser vi fram til å høyre frå deg! I søknaden ønskjer vi at du opplyser om kor mykje du kan arbeide i perioden juni–august.
Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Førebuing og gjennomføring av brettservering og bufféservering.
- Førebuingar, produksjon, rydding og oppvask i pasientkantinar eller produksjonskjøkken.
- Direkte kontakt med pasientar i pasientkantinene.
- Å vera ein fagressurs for pasientane i ernæringsspørsmål rundt den daglege kosten.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg at ein har praksis frå matfaget, då spesiellt frå sjukehus eller helseinstitusjonar.
- Det krevs gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg, slik at ein kan lesa, forstå, skriva og snakka norsk dagleg språk.
Søkjarar med anna morsmål enn norsk, dansk eller svensk, må kunna dokumentere bestått eksamen, frå minimum Trinn B1, innan samfunnsfag og norsk skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er fagleg interessert og oppteken av å bidra til gode og trygge måltid med rett kvalitet for pasientane
- har god heilskapleg forståing og er bevisst på ressursbruk
- er ein god teamarbeidar som er ansvarsbevisst, men òg kan arbeide sjølvstendig
- har ei grunnleggjande serviceinnstilling i møte med pasientar og kollegaer
- er arbeidsam og effektiv i utføringa av oppgåver
- er klar for fysisk krevjande arbeid, inkludert tunge løft og mykje gåing
Vi tilbyr
- Ein av Norges beste pensjonsordningar gjennom KLP, med konkurransedyktige pensjonsvilkår.
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring, og tjenestereiseforsikring inkludert i tilsetjinga.
- Som ein del av Helse Fonna, blir du del av ei IA-bedrift (Inkluderende Arbeidslivsbedrift), som viser vårt engasjement for eit inkluderande arbeidsmiljø.
- For å sikre at du får ein god start hos oss, tilbyr vi introduksjonskurs og grundig opplæring.
- Vårt mål er og å levere rett kvalitet på alle våre tenester og produkt!
FerdigheterAI-generert
- Erfaring fra næringsmiddelproduksjon
- Ernæringsvitenskap
- Løfte tungt
- Norsk
- Skrive
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 8
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
matvert, kantine, vikar, sommervikar, ferievikar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449632131
- Sist endret


