Lyst på ein meiningsfull sommarjobb?
Lærdal kommune Pleie og omsorg
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Pleie og omsorg i Lærdal kommune treng ferievikarar til våre avdelingar i pleie- og omsorgstenesta, med moglegheit for tilkallingsvikariat i ettertid.
Avdelingene våre er:
- Sjukeheimen
- Heimesjukepleie
- Heimehjelp/ vaskeri
- Institusjons kjøkken
Kvalifikasjonskrav til søkjar:
Stillingar ved sjukeheim/ heimesjukepleien:
- Ynskjeleg med autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, hjelpepleiar/helsefagarbeidar.
- Studentar i dei ovanemnde studieretningane er velkomne til å søkja. Til høgskulestudentar innan helsefagleg utdanning har kommunen rekrutteringstilskot med lønn som fagarbeidar med 0-4 års ansiennitet etter 1.studieår, og fagarbeidar med 8 års ansiennitet etter 2. studieår.
- Assistentar utan spesielle kvalifikasjonar, men gjerne erfaring frå liknande arbeid, er velkomne til å søkja
- Førerkort klasse B for heimesjukepleie-/heimehjelpstenesta
Heimehjelp/Vaskeri:
- Assistentar utan spesielle kvalifikasjonar, men gjerne erfaring frå liknande arbeid
- Unge arbeidstakarar fødde 2010 eller eldre vert oppmoda til å søkja
- Ynskjeleg med førarkort klasse B
Institusjonskjøkken:
- Ynskjeleg med fagbrev/erfaring frå storhushald eller anna erfaring frå matlaging
- Gjerne studentar innan matfag
Arbeidsperiode:
Oppstart frå veke 26 til og med veke 33 i 2026
Det er ynskjeleg med åtte veker ferieavløysing, der minimum fem veker er samanhengande arbeid i denne perioden. Søkjarane må oppgje periode det er aktuelt å arbeida.
Turnusen er tredelt med arbeid kvar tredje helg. Det er ynskjeleg at alle søkjarar arbeider minimum to helgar i perioden. Alle som arbeider hjå oss må levera gyldig politiattest før arbeidet startar.
Me kan tilby
- Varierte og spennende arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø blant flotte kollegaer
- Grundig opplæring
- Mogelegheit for vidare vikarstilling
Søkjarane må i søknaden oppgje periode det er aktuelt å arbeide.
Lønnsvilkår
- Lønn etter tariff
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449629026
- Sist endret
