Sjukepleiar-, Vernepleiar- eller Paramedisinar med vidareutdanning i Rus- og/eller psykiatri
Akuttmedisinsk avdeling/ Ambulansetenesta, Helse Bergen HF
- Frist 16.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Akuttmedisinsk avdeling, AMA, er ein avdeling under Kirurgisk Serviceklinikk, og har ansvaret for all ambulansedrift (bil, båt, helikopter) samt nødmeldetenesta i Helseføretaket. Avdelinga har om lag 360 tilsette. Avdelinga er i dag organisert i 3 ambulanseseksjonar, 1 AMK seksjon og 1 Luftambulanse seksjon.
Vi søker etter sjukepleiar-, vernepleiar- eller paramedisinar med vidareutdanning i rus- og/eller psykiatri i ambulansetenesta ved sentrum ambulansestasjon.
V har ledig 2 x 22,5% fast helgestilling på natt frå snarast eller etter nærare avtale.
Turnus er 12 timars nattevakt fredag og laurdag kvar tredje helg. Søkarar som blir kalla inn til intervju vil i vidare vurdering måtte gjennomføre fysisk test.
Psykiatrisk personell jobbar i team med to ambulansearbeidarar/paramedisinarar.
Kvalifikasjonar
- Det er krav om norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller paramedisinar og vidareutdanning i rus og/eller psykiatri
- Gjennomgått MAP kurs e.l.
- Førarkort kl. C1 er ønskeleg
- Plettfri vandel. Vandelsattest må legges frem før tilsetting
- Må mestre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Dokumentert erfaring frå akuttpsykiatri
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, påliteleg og fleksibel
- God fysisk og psykisk helse
- Evne til å ta raske avgjerder og til å arbeide sjølvstendig
- Evne til å jobbe godt i team
- Det vil bli lagt vekt på at ein er personleg eigna til å arbeide med psykisk sjuke mennesker og mennesker med utfordringar knytt til psykiatri/rus
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Vi tilbyr fagdagar med kompetanseheving
- Stasjonane har gode treningsfasilitetar og mange spennande oppdrag både sommar og vinter
- Det er godt samarbeid med dei andre nødetatane i distrikta
- Gode kollegaer i eit triveleg miljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Otto Sætre-Hansen, Seksjonsleiar, 95890490Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5066086967
Stillingsprosent: 22,5%
Fast
Søknadsfrist: 16.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449620543
- Sist endret

