Overingeniør/senioringeniør
Universitetet i Bergen
- Frist 26.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Overingeniør/senioringeniør IT-sikkerheit
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Ver med å sikre framtidas IT-tenester ved Universitetet i Bergen
Med auka behov for sikre digitale løysingar søkjer UiB å styrke IT-sikkerheitsgruppa. Gruppas primæroppgåver er informasjon, kommunikasjon og styring av informasjonssikkerheit og personvern for UiB, samt operativt arbeid med IT-sikkerheit. Vi er ute etter ein person som kan delta i det operative arbeidet med informasjonssikkerheit og personvern og bidra til å styrke vår kompetanse på området. For tida pågår ei større satsing på informasjonssikkerheit ved UiB, med ei rekke tiltak innan området.
IT-avdelinga ved UiB er eitt av dei største og fagleg breiaste IT-miljøa på Vestlandet med om lag 135 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga leverer eit stort spekter av IT-tenester til forsking, utdanning og formidling.
Vi er ein kunnskapsrik og engasjert avdeling med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med universitetets 4300 tilsette og 20 000 studentar. Vi samarbeider tett med dei andre universiteta i Norge. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. Sjå meir om IT-avdelinga her (https://www.uib.no/it/155335/om-it-avdelingen-ved-uib).
Arbeidsoppgåver:
- Ha eit heilskapleg ansvar for at UiB loggar relevante hendingar i tråd med gjeldande krav og beste praksis, og sikre at loggdata gir nødvendig grunnlag for deteksjon og analyse
- Forvalte UiBs del av den sentrale loggløysinga
- Sjå til at loggar blir levert frå relevante system, og sikre rett nivå og omfang på loggdata
- Følgje opp at agentar er oppdaterte og kompatible med versjonar på den sentrale løysinga
- Administrere tilgangar til loggløysinga
- Utarbeide reglar for alarmar og deteksjon i samarbeid med sikkerheitsgruppa
- Fungere som kravstillar og kontaktpunkt mot Usit for vidareutvikling og drift av loggløysinga
- Bidra med opplæring og rettleiing i bruk av loggløysinga for relevante interne aktørar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Som for overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1180)
- Høgare utdanning på masternivå innan informasjonsteknologi eller tilsvarande. Lang og relevant praksis kombinert med etter- og vidareutdanning kan kompensere for formell utdanning
- God forståing av logghandtering, logganalyse og alerts, sikkerheitsarkitektur og det digitale trusselbiletet vil bli vektlagt
- Erfaring med administrasjon av tilgangar og brukarstøtte
- Kjennskap til relevante standardar og rammeverk for informasjonssikkerheit (t.d. ISO 27001)
- Grunnleggjande teknisk forståing av systemdrift og god forståing av integrasjonar og integrasjonsgrensesnitt (eksempelvis REST)
- Erfaring med spørrespråk mot underliggende loggdata, automatisering og scripting (Python, Powershell, etc) vil bli vektlagt
Vi søkjer ein person som er:
- Serviceinnstilt og opptatt av å finne gode løysingar
- Evne til å samarbeide og dele kunnskap
- Sjølvstendig, strukturert og med høg gjennomføringsevne
- Nysgjerrig og med evne til å tileigne seg nødvendig kompetanse
- Gode kommunikasjonsevner (munnleg/skriftleg på norsk og engelsk)
- Evne til å sjå heilskap og forstå samanhengar mellom teknologi og organisasjon
Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad der du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spennande medarbeidarar med ulik bakgrunn.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
- Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving
- Stilling som overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1181), løn kr 650.000 til 850.000 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
- Fleksitid og gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Jon Eikhaug jon.eikhaug@uib.no ((jon.eikhaug@uib.no) tlf.: 55 58 42 70, eller informasjonssikkerheitsleiar Jimmy Thomsen jimmy.thomsen@uib.no ((jimmy.thomsen@uib.no) tlf.: 95 75 52 20.
Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
FerdigheterAI-generert
- Access Administration
- Automatisering
- Felling
- ICT Security
- Informasjonssikkerhet
- ISO 27001
- Programmeringsspråk
- User support
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 5, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: IT-sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449619364
- Sist endret



