Logistikk- og beredskapsmedarbeidar
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Logistikk- og beredskapsmedarbeidar
Sivilforsvaret søkjer etter ein logistikk- og beredskapsmedarbeidar til Hordaland sivilforsvarsdistrikt. Vi ser etter deg som har interesse for samfunnstryggleik og beredskap, og som ønskjer å bidra til at distriktet og dei tenestepliktige er godt rusta til å yte og gjere ein skilnad når det oppstår uønskte hendingar.
Arbeidsoppgåvene dine vil primært vere å forvalte Sivilforsvarets varslingsanlegg i distriktet - både med praktisk vedlikehald og innanfor saksbehandling og administrasjon. Stillinga inneber i tillegg forvalting av ansvaret som Sivilforsvaret har for tilfluktsrom. Du får òg muligheita til å bidra med forvalting omkring beredskapsmateriell, personleg utrusting, - og å delta i opplæringa av tenestepliktige mannskap.
Vi ser etter deg som er praktisk og strukturert lagspelar og som ønskjer å vera en del av teamet som har ansvar for å følgje opp heile logistikkporteføljen i Hordaland sivilforsvarsdistrikt.
Du skal:
- ha hovudansvar for vedlikehald og forvalting av Sivilforsvarets varslingsanlegg
- inngå i logistikkteamet som er ansvarleg for oppfølginga av heile logistikkporteføljen
- bidra med forvalting og saksbehandling knytt til tilfluktsrom
- bidra med forvalting av den personlege utrustinga av tenestepliktige og tilsette
- bidra i opplæring og kompetanseheving for styrkane, primært innanfor varsling, tilfluktsrom og logistikk, men også i andre felles operative fag
- bidra til samvirke mellom beredskapsaktørane i Hordaland sivilforsvarsdistrikt
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- eittårsstudium frå høgskule/universitet eller fagskule. Relevant fagbrev og/eller erfaring kan kompensere for kravet om formell utdanning. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
- førarkort klasse B
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- gode digitale ferdigheiter
- følgjande personlege eigenskapar:
- strukturert og ansvarsmedviten - du følgjer opp prioriteringar innanfor gitte tidsfristar, arbeider målretta etter fastsette planar og intensjonar, og tek ansvar for eigne resultat. Du er pliktoppfyllande, lojal og trivst med å styre eigen arbeidskvardag
- lagspelar - du bidreg til distriktet si heilskaplege oppgåveløysing, spelar andre gode og deler erfaringar og informasjon. Du anerkjenner ulikskapar og jobbar aktivt for felles måloppnåing
- resultatorientert og kvalitetsmedviten - du er ein pådrivar som arbeider proaktivt for å sikre gode, målbare og robuste resultat
- god gjennomføringsevne - du utfører oppgåver i tråd med plan, får ting til å skje og viser både engasjement og uthald.
Vi ønskjer at du har:
- erfaring med teknisk og mekanisk vedlikehald og reperasjon
- relevant arbeidserfaring innanfor vedlikehaldstyring, logistikk og/ eller saksbehandling/administrasjon
- gode pedagogiske evner
- beredskapserfaring
- eitt eller fleire av følgjande sertifikat: BE, C1, C1E, D1, D1E, C, CE
- truckførarbevis (T1-T4)
Vilkår
Fast stilling som sivilforsvarsadjutant (kode 0331) med årsløn frå kr 600 000 til 650 000. I tillegg kjem kompensasjon for vakt og øving.
Tryggleiksklarering
Den som får tilbod om stillinga, må vere klarert til nivå HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret, distriktet og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), leia av Sjef Sivilforsvaret. I fredstid består Sivilforsvaret av 8000 tenestepliktige mannskap fordelt på 20 distrikt, kvart leia av ein distriktssjef. Det sentrale nivået er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga, som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret har som hovudoppdrag å verne befolkninga i krise og krig. I fredstid skal Sivilforsvaret bidra til god beredskap i heile landet og vere ein forsterkingsressurs for naudetatar og andre myndigheiter. Sivilforsvaret har lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar med tenestepliktige mannskap og befal. Totalt er det om lag 230 tilsette i Sivilforsvaret. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag over heile landet. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt.
Hordaland sivilforsvarsdistrikt ligg i Bergen og dekkjer 24 kommunar. Distriktet har om lag 620 tenestepliktige i operative innsatseiningar, fordelt på åtte oppsetjingsstader. Det er 67 varslingsanlegg i distriktet, plasserte i ulike kommunar. Distriktet har i dag åtte fast tilsette og er organisert i tre team: logistikk, operasjon og personell. Distriktet har eit breitt samarbeid, ikkje berre med naudetatane (politi, brannvesen, helsevesen), men òg med Forsvaret, kommunane i fylket, statsforvaltaren, frivillige organisasjonar og andre relevante verksemder.
I stillinga som logistikk- og beredskapsmedarbeidar vil du inngå i eit team på tre personar. Stillinga inneber hovudansvar for forvalting av varslingsanlegg i distriktet, samt bidrag til forvalting av tilfluktsrom, beredskapsmateriell, lager og personleg utrusting av personell. Arbeidet består i stor grad av praktisk og systembasert vedlikehald av varslingsanlegg, men omfattar òg saksbehandling, administrativt arbeid og deltaking i øvingsverksemd. Stillinga inneber i tillegg tett dialog med ulike kommunar og andre relevante aktørar. Stillinga krev til tider kveldsarbeid og reiseverksemd, både regionalt og nasjonalt. Du vil ha gode høve til å påverke eigen arbeidssituasjon, og vil inngå i staben og beredskapsvaktordninga i distriktet. For å kunne bidra i oppgåvene til sivilforsvaret er det viktig at du er fysisk og psykisk skikka til å jobbe i ein beredskapsorganisasjon, og kan delta på øvingar og innsatsar.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Beate Angeltveit, sivilforsvarsinspektør:
E-post: Beate.Angeltveit@dsb.no
Telefon: 55 10 93 07
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/jobb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
Velkomen som søkjar hos oss!
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Drifte vedlikeholdssystemer
- Forvaltningskompetanse
- Logistics General (LO)
- Logistikk
- Reparasjon
- Servicearbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
For mer informasjon om DSB, se www.dsb.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandbrekketoppen 30, 5224 Nesttun
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontorarbeid, Logistikk og lager, Saksbehandler
Nøkkelord
beredskap, logistikk, vedlikehold, saksbehandling, samvirke
Vi ser etter deg som har interesse for samfunnstryggleik og beredskap (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449520922
- Sist endret

