Administrerande direktør
Helse Bergen
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie eit av Noregs fremste universitetssjukehus?
Helse Bergen er eit av Noregs største og mest komplekse sjukehus, med 14 000 dyktige medarbeidarar som kvar dag jobbar for at pasientane skal få berekraftige spesialisthelsetenester av høg kvalitet – når dei treng det. Vi arbeider systematisk for pasienttryggleik, godt arbeidsmiljø og kontinuerleg forbetring, slik at ressursane blir nytta på best mogleg måte til pasientane og samfunnet sitt beste.
Helse Bergen har ei viktig rolle i regionalt og nasjonalt tryggleik og beredskap.
Kven ser vi etter?
Vi søkjer ein synleg, samlande og resultatorientert toppleiar som kan vidareutvikle Helse Bergen HF som eit leiande sjukehus regionalt, nasjonalt og internasjonalt og med merksamd på berekraftig utvikling.
Du har relevant høgare utdanning, solid leiarerfaring og gjerne erfaring frå spesialisthelsetenesta. Du forstår samfunnet sjukehuset verkar i, har strategisk perspektiv og stor arbeidskapasitet. Evne til å bygge tillit og gode relasjonar internt og eksternt er avgjerande. Helsetenesta står framfor store endringar, og vi søkjer ein leiar som ønskjer å bidra aktivt til å møte desse utfordringane.
Administrerande direktør rapporterer til eit eige styre og deltek i direktørmøta i føretaksgruppa i Helse Vest. Tilsetting føreset at du kan bli sikkerheitsklarert.
Vi tilbyr
Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit føretak med dyktige leiarar og medarbeidarar. Du får gode moglegheiter til å påverke og utvikle føretaket vidare, saman med styret, leiarar og medarbeidarar.
Du vil vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å utvikle helsetenestene på Vestlandet, i tett dialog med dei andre helseføretaka – og det regionale helseføretaket.
Ta kontakt
Ta gjerne uforpliktande og fortruleg kontakt med rådgivar i Habberstad Hans Petter Karlsen, tlf. 93425743. Styrets leiar Rune Haugsdal, tlf. 94500337, kan også bli kontakta.
Fram til utløpet av søknadsfristen vil søknader og førespurnader behandlast konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgivar. Du kan be om å bli unntatt frå offentleg søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi vil kontakta deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Sikkerhetsklarering
- Spesialhelsetjenesten
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og er en viktig aktør i utdanninga av framtidas medarbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449520219
- Sist endret
