Sommarjobb i omsorgstilbod for ungdom avd. Sansehuset
Barne- og familietenesta, Bømlo kommune
- Frist 30.4.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Barne- og familietenesta har pr idag eit omsorgstilbod 2:1 for ungdom. Me søkjer deg som er modig, raus og fleksibel. Fagleg interessert i miljøarbeid og likar utfordringar og det å jobbe målretta og miljørterapeutisk på ulike felt i barnet sitt liv. Du ser og jaktar på små lysglimt og jobbar systematisk med kollega og fagteam rundt barn for å oppnå utvikling.
Me har behov for sommarvikar døgn/medleverturnus. Me er eit godt fagteam, og jaktar på tilsette med som studerer relevant høgskuleutdanning, eller er lagarbeidar der personleg eignahet for denne typen arbeid vil bli prioritert.
Barne- og familietenesta er ei tverrfagleg teneste med omlag 50 tilsette som yter tenester til barn og unge og deira familiar. Denne nye avdelinga er under sosiale tenester og vedtak etter helser og omsorgslova og i tett samarbeid med habiliteringstenesta i Bømlo kommune.
Døgn/Medlevarturnusen vår er sett opp slik:
2 døgn på, 7 døgn fri
2 døgn på, 7 døgn fri
3 døgn på, 7 døgn fri
Arbeid kvar 4 helg
Er du den me leitar etter? Søk no og bli ein del av vårt engasjerte team!
Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad.
Arbeidsoppgåver
- Yta praktisk bistand og rettleiing i dei daglege gjeremåla , inkludert opplæringstilbod, og leggje til rette for god omsorg og utvikling for brukaren
- Internt samarbeid i tenesta, samarbeid med 1. og 2. linjetenesta og pårørande.
- Journalføring og arbeid inn mot gjeldande lovverk.
- Utarbeide og evaluere rutinar og metodar og vere med i eit utviklande miljø.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning, fagbrev innan helse- og sosialfag (hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar/helsefagarbeidar).
- Relevant erfaring og personleg eignaheit vert vektlagt, og kan kompensera for manglande utdanning.
- Erfaring / ev. kompetanse i førebygging og handtering av utagerande atferd.
- God norsk kunnskap både skriftleg og munnleg.
- Erfaring med målretta miljøarbeid og personar med autisme/utviklingshemming.
- Erfaring med pårørandearbeid.
- Sertifikat kl. B.
Personlege eigenskapar
- Me søkjer deg som er imøtekommande, omgjengeleg, venleg og serviceinnstillt.
- Du må trivast med variert arbeid og ein viss grad av uføreseielege dagar med høgt arbeidstempo.
- Du kan stå i krevjande situasjonar over tid.
- Du er uredd og ser løysingar før avgrensing.
- Du bør vera i god fysisk form.
- Du er sjølvstendig, men arbeider og godt i team.
- Du bidrar til å skapa eit godt arbeidsmiljø.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. Me oppfordrar særleg menn til å søkje.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid (ta stilling til om dette er aktuelt)
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. For faste tilsette i tenestene våre som jobbar turnus i mindre stillingar vil ekstra vakter i ferieavvikling kunne utløyse ekstra kompensasjon.
Anna informasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4 og Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med (tittel/namn til leiar for stillinga)
Kontaktinformasjon
Linda Hellen, +47 909 61 702Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5074077799
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 30.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449461058
- Sist endret
