Vikariat som rådgivar - arealforvaltning
Statsforvaltaren i Rogaland
- Frist 18.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Rogaland har areal av stor nasjonal verdi for matproduksjon, og landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren har ei viktig rolle i å medverke til gjennomføring av den nasjonale landbruks- og arealpolitikken. Vi skal ha god kjennskap til landbruket i fylket, og skal tidleg i prosessar formidle nasjonal politikk, regionale føringar og prioriteringar. Landbruksavdelinga skal vere kompetansesenter for kommunane på landbruks- og matområdet.
Landbruksavdelinga har ledig eittårig vikariat som rådgivar innan arealforvaltning.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling og utgreiings- og samarbeidsoppgåver i planprosessar og enkeltsaker
- Saksbehandling, ulike regelverk heimla i jordlova
- Samarbeide på tvers i embetet og delta i felles plangruppe
- Bidra i andre oppgåver i avdelinga, som til dømes prosjektarbeid, kartleggingsoppgåver mv.
Kvalifikasjonar
Vi søker etter ein person med god kunnskap om landbruket i Rogaland som vil arbeide med arealforvaltning. Du må ha:
- Relevant utdanning på mastergradsnivå, med fagleg tyngde innan arealplanlegging.
- Erfaring frå til dømes arealplanlegging og samfunnsplanlegging
- God kunnskap om landbruket i Rogaland
- Erfaring med bruk av ulike kartsystem og GIS-kompetanse
Personlege eigenskapar:
- Du har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
- Du kan arbeide sjølvstendig, ta initiativ, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne
- Du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
Vi legg vekt på at den vi ser etter, skal vere personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
- Lønn som rådgivar, kr 620 000 - kr 740 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
- Fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
- God pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
- Gode høve til fagleg utvikling og til å utvikle fagleg nettverk
- Nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
- Varierte, interessante og viktige oppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
- HjemJobbHjem-ordning
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.
Slik søkjer du
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449383933
- Sist endret
