Messinglærar 20% vikariat
Sveio kommune
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Sveio kulturskule har eit ledig vikariat som messinglærar i 20% stilling frå om lag 15. april til 31. desember 2026.
Sveio kulturskule har om lag 100 elevplassar innan musikk og dans. Kulturskulen har òg ansvar for dirigent og aspirantundervisning i Sveio skulekorps.
Vigdartun kultursenter har kulturskule, folkebibliotek, ungdomstilbod og administrasjon av bygget i fritidssona. På Vigdartun finn du både idrettshall og dansesal. Dette gir eit levande senter for idrett og kultur. Vi satsar på kultur, idrett og frivillig arbeid for at innbyggjarane skal ha høve til eit aktivt og meiningsfullt liv i Sveio. På Vigdartun kultursenter legg vi til rette for aktivitetar og opplevingar.
Arbeidsoppgåver
Stillinga inkluderer messingundervisning og aspirantundervisning i samarbeid med Sveio skulekorps. Aspirantundervisninga er på onsdagar på dagtid/ettermiddag. Du må òg rekne med å delta på personalmøte og konsertar eller framsyningar på andre dagar gjennom skuleåret. Dei fleste undervisningstimane er på Vigdartun, men delar av arbeidet er òg å gi SFO-tilbod på andre skular i kommunen. Desse vil du vite om i god tid.
Kvalifikasjonar
- 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet
- Pedagogisk utdanning
- Relevant praksis og/eller under utdanning innan stillinga sitt fagområde kan vurderast i engasjementstilling dersom formell utdanning manglar
- Engasjement og erfaring frå arbeid med barn og unge
- Erfaring med gruppeundervisning
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Ein må disponere eigen bil
- Personleg eigna blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Evne til å bygge gode relasjonar til born og unge og skape eit trygt læringsmiljø
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeid og kommunikasjonsevner
- God omstillingsevne
- Engasjement for elevar, rekruttering og korps
- Kreativitet og fleksibilitet i møte med ulike elevbehov
Vi tilbyr
Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449376878
- Sist endret

