Helgestilling på Sveio omsorgssenter
Sveio kommune
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter.
Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.
Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.
Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.Legg inn generell informasjon om stillingen
Arbeidsoppgaver
- Personlig stell og pleie
- Dokumentasjon og rapportering
- Andre førefallande oppgåver
- Tverrfagleg samarbeid
- Andre førefallande oppgåver
- Aktiv deltaking i å skape eit godt arbeidsmiljø
- Bygge gode og hensiktsmessige relasjonar til pasientar og pårørandeppgaver
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller sjukepleiarstudentar
- Andre søkjarar vil og bli vurdert
- Personlege eigenskapar
- Må levere tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk
Personlige egenskaper
- Fleksibel og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Tek initiativ og kan arbeide sjølvstendig
- Sett fag, kvalitet og service høgt
- Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Arbeidstid / Me tilbyr
- Stillingsstørrelse mellom 17% og 21.5%
- Årsturnus og fleksibel arbeidstidsordning
- Moglegheit for langvakter
- Ingen fast rotasjon på arbeidshelgene
- Me finn løysingar som fungerer både for deg og for avdelinga
- Fagleg og personleg utvikling
- Dyktige og inkluderande kollegaer
- Sosiale arrangement og godt arbeidsmiljø
- Offentleg pensjonsordning
- Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449361534
- Sist endret
