Tannlege
Florø klinikkområde, Vestland fylkeskommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Florø tannklinikk har to ledige 100% tannlegestillingar, med start dato etter avtale. Avgangskull 26 kan også søkje.
Til stillinga ligg det eit rekrutterings tillegg på kr.50.000, som kjem i tillegg til vanleg løn.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp.
Florø er den vestlegaste byen i Noreg, og er eit av administrasjonssentera i Kinn kommune med ca. 9000 innbyggjarar i byen. Florø kan by på eit rikt og variert kulturliv, og eit næringsliv i utvikling. Kystnaturen gir grobotn for mange aktivitetar og naturopplevingar i eit flott landskap heile året.
På Florø tannklinikk er det 4 tannlegar, 3 tannpleiarar og 4 tannhelsesekretærar. Det er ein ny og moderne klinikk i flotte lokaler. Behandlarar i Florø ambulerer jamleg til Bremanger og Svelgen med ambuleringstillegg og gode vilkår. Det er eit godt arbeidsmiljø på klinikken, og gode mogelegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldersgrupper.
Aktivitetar i Florø
Kinn kommune
Florø tannklinikk er ein del av tannhelsetenesta i Vestland, og har ein unik kompetanse. Tannklinikken har tett kontakt med tannhelsetenesta sitt kompetansesenter i Vestland (TkVest) som tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arbeidsoppgåver
- Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
- Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste. - Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege
- Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
- Godkjend politiattest
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-
- Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Janne Edith Haugen, klinikkleiar (tannpleiar), 91304040, janne.edith.haugen@vlfk.noArbeidsstad
Strandavegen 26900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5065995625
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449360393
- Sist endret