Ung i jobb - omsorg
Ulstein kommune
- Frist 30.4.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du på jakt etter ein meiningsfull sommarjobb? Vi ser etter deg mellom 15-17 år som har interesse av å arbeide med eldre, og eigenskapar som kan nyttast i arbeidet. Omsorgsetaten har behov for fleire ferievikarar som kan bidra med praktiske og sosiale oppgåver ved sjukeheim og omsorgsbustadar.
Arbeidsoppgåver
- Tilberede mat og assistere ved måltid
- Drive miljøarbeid, som til dømes aktivitet, song og musikk, speling og lesing
- Rydding og enkel reingjering av rom og lager
- Andre forefallande oppgåver
Som tilsett i "ung i jobb" skal du ikkje utføre oppgåver som stell og toalettbesøk.
Kvalifikasjonar
- ungdom mellom 15-17 år
- du må snakke godt norsk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- likar å arbeide med menneske
- har lyst til å lære og samarbeider godt
- møter presis
- er arbeidssam og tek initiativ
Vi tilbyr
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- forsikring gjennom Storebrand
- godt og lærande arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Heidi Strand, Einingsleiar 1, 98230640Marlen Breivik Kristensen, Einingsleiar 2, 98230612
Gunn Sætre, Einingsleiar 3, 98230617
Gunn Helen Hauge Muren, Einingsleiar 4, 98230615
Aase Djupvik, Einingsleiar, 48168222, aase.djupvik@ulstein.kommune.no
Arbeidsstad
Sjøgata 636065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein kommuneReferansenr.: 5072856021
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 23.08.2026
Søknadsfrist: 30.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449354029
- Sist endret


