
Faglærer ved maskinoffisersutdanningen
Vestland fylkeskommune
- Frist 23.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Faglærer ved maskinoffisersutdanningen
Vil du være med å utdanne framtidas maritime leiarar og bidra til utviklinga av maskinoffisersutdanninga? Ønsker du å jobbe med motiverte studentar? Då kan dette være stillinga for deg! Avdelinga i Bergen søkjer ein engasjerande og fagleg dyktig person til å bli ein del av vårt team.
Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 170 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning, og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skulen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning og rettleiing innan maskintekniske fag & emner.
- Utarbeiding og oppdatering av undervisningsplanar og læringsmateriell i tråd med gjeldande studieplan og forskrifter.
- Planlegging og gjennomføring av praktiske øvingar og simuleringar av ulke situasjons-scenarier i ulike maskinerisystemar.
- Oppfølging og vurdering av studentane si faglege utvikling.
- Samarbeid med kollegaer, fagmiljø og relevante aktørar i næringa.
Kvalifikasjonar
- Maskinoffisersutdanning med grunnlag for å løyse M1 seritifikat(fagskole eller bachelorgrad frå høgskule/universitet)
- Har løyst Maskinoffisersertifikat M1 eller M2 som det lågaste. (trenger ikkje være gyldig)
- Høgspent erfaring frå dieselelektrisk fartøy
- Erfaring med styring og drift av elektroniske vedlikehaldsprogram
- God munnleg og skriftleg kompetanse i norsk og engelsk
- Pedagogisk kompetanse og erfaring, her også erfaring med opplæring av medarbeidare ombord.
- God IKT kompetanse
- Allsidig erfaring frå bransjen og innan fagområdet
- Relevant vidareutdanning
Personlege eigenskapar
- Gode formidlingsevner og engasjement for fag og undervisning
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å skape gode relasjoner og liker samarbeid i team
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Ein triveleg arbeidsplass sentralt i Bergen sentrum i et engasjert team av lærarar. Maskinist studiet har svært gode søkjartal og har motiverte og engasjerte studentar med praktisk erfaring frå sjøen.
- Fleksibel arbeidstid med moglegheiter for heimekontor. Arbeidstida følger skoleåret med avspasering i skoleferiane.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår. Lønn tar utgangspunkt i sentral garantilønn KS . Lønnsnivå avhenger av utdanningsnivå, ansiennitet og sertifikat. Søkarar med M2 & M1 sertifikat vil bli løna som lektor, uavhengig av utdanningsnivå.
- Garantilønn frå 629 300 til 765 500 avhengig av ansiennitet. Pedagogisk utdanning gir lektor med tillegg.
- Etter- og vidareutdanning iht. myndigheiter sine krav for maritimt undervisningspersonale blir betalt av arbeidsgjevar.
- Moglegheiter for å delta i utvikling, prosjekt, konferansar og meir.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Innskuddspensjon i Statens Pensjonskasse.
- Arbeidsstad er Skulens Studiestad på Nygård, Odd Frantzens plass 6
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Odd Frantzens plass 6, 5008 Bergen
- Bransje: Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Maskinoffiser, Maskinist, lærer, Maritim, opplæring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449332658
- Sist endret
