Off. godkjent sjukepleiar- Hjørundfjordheimen
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
- Frist 25.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Vi har ledig 80 % fast stilling for off. godkjent sjukepleiar ved Hjørundfjordheimen.
Hjørundfjordheimen er lokalisert ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjordheimen har to avdelingar, der sjukeheimsavdelinga har 16 plassar og bukollektivet har18 plassar. Ved eininga er der også integrert heimeteneste for heimebuande i Hjørundfjorden. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg trygg og ansvarsfull, som bidreg til trivsel og omsorg for bebuarane, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne handtere ein til tider hektisk kvardag, men du vil alltid ha dyktige og støttande kollegaer rundt deg.
Avdelinga jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året.
Du kan få moglegheit til å gå langvakter på helg. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning, ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt og god balanse mellom arbeid og fritid.
Som medarbeidar ved Hjørundfjordheimen vil du få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom fagdagar, e-læring og kurs.
Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg trygg og ansvarsfull, som bidreg til trivsel og omsorg for bebuarane, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne handtere ein til tider hektisk kvardag, men du vil alltid ha dyktige og støttande kollegaer rundt deg.
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet og har fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel for den enkelte.
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver, på ein fagleg og etisk måte
- Fokus på forebygging og støtte under brukarane sine eigne ressursar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutinar og retningsliner
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må vere off. godkjent sjukepleiar
- Relevant arbeidserfaring
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- har interesse og gjennomføringsevne i å gi brukarane godt innhald i dagane
- er interessert i fagleg oppdatering i form av interne kurs
- likar utfordringar og handtere raske endringar i arbeidsoppgåver
- er engasjert, løysingsorientert, tek initiativ og ansvar
- er fleksibel og har evne til å både arbeide sjølvstendig og å samhandle med andre
- bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju
Vi tilbyr
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
- kompetanseutvikling gjennom e-læring, internundervisning og kurs
- gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Det kan vere aktuelt å gi rekrutteringstilskot til nytilsette
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 – stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka timetal på helg
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Nina Måseidvåg, Avd.leiar, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Øyragata 206165 Sæbø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5073993610
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 25.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449330859
- Sist endret

