Einingsleiar
Surnadal kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Einingsleiar Teknisk drift
Vil du vere med å bidra til utvikling av dei kommunaltekniske tenestene i Surnadal kommune?
Teknisk drift har ansvar for tenester innan veg, vatn, avløp, kommunal bygningsmasse, vaktmeister- og reinhaldstenester, brann- og redning, uteområde m.v.
Vi skal tilsette ein leiar som kan motivere og leie ei eining med om lag 40 årsverk og eit årleg brutto driftsbudsjett på nær 90 millionar.
Du er flink til å samhandle og arbeide tverrfagleg for å oppnå gode resultat. Du har lyst til å bidra til utvikling av dei kommunale tenestene, du er nysgjerrig på ny teknologi og du trivst med å motivere og legge til rette for at medarbeidarane dine skal bli enno betre.
Arbeidsoppgåver:
Overordna ansvar for dei tekniske tenestene
Økonomisk og fagleg ansvar
Overordna personalansvar for tilsette i eininga
Prosjektutvikling og prosjektstyring
Tverrfagleg samhandling og samarbeid
Kommunikasjon med andre offentlege myndigheiter, eksterne aktørar og innbyggarane i kommunen
Kompetanseutvikling i eininga
Det kan bli aktuelt med overtaking av befalsvakt.
Ønska kvalifikasjonar
Fortrinnsvis sivilingeniør/ingeniør eller anna relevant utdanning på master-/bachelornivå
Arbeidserfaring frå aktuelle fagområde
Leiarerfaring og/eller utdanning
Du er resultatorientert gjennom systematisk arbeid og gode prosessar
God muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er viktig med tanke på dialog og dokumentasjon
Førarkort kl.B
Vi kan tilby:
Lønn etter avtale med gode kommunale forsikrings- og pensjonsordningar.
Eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
Flyttegodgjerlse etter reglane i personalplanen og hjelp til å skaffe bustad.
Ferdigheter
- Byggeteknikk
- Drift og vedlikehold
- Gjennomføring av utviklingsprosjekter
- Ingeniørarbeid
- Vann- og avløpsanlegg
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Surnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv. Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver.
Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver, trivelege kollegaer og gode pensjonsordningar. Dei 594 årsverka våre er fordelt på mange ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre. Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Teknisk drift, kommunaltekniske tenester, kommunal bygningsmasse, sivilingeniør, prosjektstyring
(1/10)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449320186
- Sist endret