Lærling helsearbeidarfaget
Forskings- og utviklingsavdelinga, Helse Bergen HF
- Frist 25.2.2026
- Ansettelsesform Lærling
Pasientar og pårørande skal bli møtt med respekt, tryggleik og kvalitet. Helse Bergen søker frå hausten 2026, motiverte og entusiastiske lærlingar i helsearbeidarfaget.
Vi har lang tradisjon og god erfaring med opplæring og utdanning av helsepersonell i sjukehuset.
Det er mange grunnar til å velje læreplass i Helse Bergen: Du får arbeide i eit spennande og allsidig miljø med mange læringsmoglegheiter der du blir godt ivaretatt. Våre dyktige instruktørar gir deg tett og individuell oppfølging. Du blir ein del av eit aktivt og kompetent fagmiljø. Kvar dag er unik!
Som lærling skal du arbeide ved ulike avdelingar i sjukehuset. Du er ein viktig del av teamet rundt pasienten.
Vedlegg til søknad: legg ved vitnemål/utskrift av karakterar siste halvår, relevante attestar og namn og telefonnr. til to referansar. Dette kan vera arbeidgjevar, lærar, rettleiar i praksis.
Det er også lyst ut stillingar ved Voss sjukehus.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk observasjon og vurdering av endra tilstand hos pasientar
- Dokumentasjon og rapport
- Yte heilskapleg omsorg og pleie til pasientar og ivareta pårørande
- Tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald i sjukehuset
- Opplæring i prosedyrar og oppgåver knytt til pasientar
- Utføre læringsaktivitetar tilpassa kompetansemåla i læreplanen
- Dokumentere fagleg utvikling i kompetanseplan
Kvalifikasjonar
- Bestått VGI helse- og oppvekstfag
- Bestått VGII helsefagarbeidar
- Meistrar norsk godt skriftleg og munnleg
- Alle attestar, vitnemål og karakterar, skal leggast ved søknaden. Søkarar som avsluttar skulegang i 2026 sender ved siste karaktervurdering. Vedlegga må leggast ved som word-fil eller pdf. (ikkje skjermbilder eller foto). Dokumenta må vera lesbare
Personlege eigenskapar
- Du er imøtekommande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Du er motivert og tar imot rettleiing for fagleg og personleg utvikling
- Du samarbeider godt med andre og har gode kommunikasjonsevner
- Du er pliktoppfyllande i arbeidet ditt
- Du trivast i eit aktivt arbeidsmiljø og toler høgt arbeidstempo
Vi tilbyr
- Arbeidstid: Turnus, to (dag- og kveldsvakter) - eller tre delt (dag, kvelds- og nattevakter) og kvar 3.helg
- Løn etter tariff for lærlingar
- Eit spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver, rettleiing, fagleg og personleg oppfølging
- Ein strukturert plan for å oppnå kompetansemåla i læreplanen
- Eigne fagdagar for lærlingar
- Rettigheiter og plikter som andre tilsette i sjukehuset
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Moglegheit for vidare arbeid som helsefagarbeidar i sjukehuset
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Merete Hefte, adm. og fagleg leiar, 99746231Åse Anbjørg Grøthe, fagleg leiar, 99295318
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5071798959
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 12.08.2026
Sluttdato: 23.07.2028
Søknadsfrist: 25.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449307674
- Sist endret
