Systemutviklar kundeportal og CRM
Tussa
- Frist 25.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Tussa IKT
Vi kan tilby:
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har over 100 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Fibernettet til Tussa dekkjer heile søre Sunnmøre og delar av Nordfjord.
Selskapet er lokalisert i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes, Sykkylven og Stryn.
Video: https://youtu.be/hdlNkgF-R3U?si=w9kOXz-XuKc2LUdVSystemutviklar kundeportal og CRMEr du ivrig, framoverlent og fasinert av ny teknologi?
Vi er ute etter deg som har informatikk/programmeringsutdanning på bachelornivå. Bransjespesifikk opplæring vil bli gitt. Oppmøtestad er fortrinnsvis ved hovudkontoret vårt i Ørsta, men tilknyting til andre Tussa IKT kontor kan vere aktuelt.
Arbeidsoppgåver
Viktige arbeidsoppgåver vil vere:
- Utvikling av web-/app-løysingar og integrasjonar
- Utvikling og drifting av applikasjonar i Azure
- Testing, overvaking og feilsøking på tvers av system
- Samspel med eksterne leverandørar og internt fagmiljø
- Vidareutvikling, automatisering og forbetring av arbeidsflyt og kundereiser
- Prosjektarbeid
- Andre spennande utviklingsoppgåver knytt til kundeoppleving og telekommunikasjon
Kvalifikasjonskrav
- Bachelor innan informatikk eller tilsvarande
- Ønskjeleg med 3–5 års erfaring, men nyutdanna vert oppfordra til å søke
- Erfaring med programmeringsspråk som C#, TypeScript, React, React Native og Python
- Erfaring med utvikling på teknologi/plattformer/løysingar som .NET, Azure, DevOps, Terraform, Dynamics 365 CRM og versjonskontroll
- Analytisk og strukturert
- Erfaring frå arbeid med kundar og leverandørar
- Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
- Gode samarbeidsevner
Vi kan tilby:
- Oppmøtestad er fortrinnsvis ved hovudkontoret vårt i Ørsta, men tilknyting til Tussa IKT sine kontor i Ålesund, Sykkylven, Åndalsnes og Stryn kan vere aktuelt.
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei attraktiv IKT-bedrift
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Vi kan tilby:
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Konkurransedyktig løn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449219207
- Sist endret
