Seniorkonsulent
Universitetet i Bergen
- Frist 24.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Studiekonsulent (seniorkonsulent)
Vi søkjer ein motivert og engasjert medarbeidar til eit vikariat (100 %) som studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). Stillinga har varigheit frå midten av mai 2026 til midten av februar 2027.
Instituttet har om lag 100 vitskapleg tilsette og om lag 1200 studentar. I den administrative staben ved AHKR inngår 12 faste stillingar. Studieleiar er koordinator for studiegruppa ved instituttet, og seniorkonsulenten rapporterer til han. Administrasjonssjefen er leiar for instituttadministrasjonen samla.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeide med studie- og emneplanar
- Førebu studietilbod, medrekna ressursforvalting på faga og ressursbudsjett
- Samarbeide med fagkoordinator i studiesaker og saker om studiekvalitet
- Vere sekretær for fagmøte og programmøte
- Drive studierettleiing
- Drive informasjonsarbeid
- Førebu og delta aktivt ved semesterstart
- Medverke ved studiearrangement
- Behandle innpassing av ekstern utdanning
- Arbeide med internasjonalisering, til dømes utvekslingsavtalar
- Ta del i rutineutvikling
- Vere kontaktpunkt for instituttutval og fagutval
- Ivareta korrespondanse og variert sakshandsaming
- Delta aktivt i studienettverket
Det studieadministrative arbeidet krev god dialog og tett samarbeid med vitskapleg personale, og det er ein føresetnad at studiekonsulenten medverkar til god kommunikasjon mellom studiegruppa og fagmiljø.
Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei spesifikke funksjonar lagt til si stilling, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt med justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.
Kvalifikasjonskrav:
- Høgare utdanning på masternivå. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Relevant praksis.
- Interesse for og gode evner innan studierettleiing.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer.
- Gode engelskkunnskapar.
- God IT-kompetanse er eit krav, og røynsle med program som Felles Studentsystem, Canvas (MittUiB) og Elements er ein føremon.
- God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet og erfaring frå universitets- eller høgskulesystemet og offentleg forvalting vil bli vektlagt.
Personlege egenskapar:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og god sørvisinnstilling.
- Initiativ, engasjement og fleksibilitet.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress.
I vurderinga av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.
Hos oss får du:
- Moglegheit til å byggje sterke nettverk på tvers av einingar.
- Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag, med fleksitid, sommartid frå mai til september, og moglegheit for heimekontor etter avtale.
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd-og-leie-av-lokaler), mellom anna ulike kultur- og idrettstilbod inkludert moglegheit til trening i arbeidstida.
- Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen - nær både byliv og natur.
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363) med ei brutto årsløn mellom kr 586 100 - kr 636 100 avhengig av erfaringar og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/), som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
- Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga, og om erfaringar og eigenskapar du meiner er særleg relevante.
- Under «CV», oppgi:
- Personalia.
- Erfaringar og kvalifikasjonar.
- Språkferdigheiter.
- Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere nåverande eller tidlegare overordna.
- Under «Vedlegg», last følgjande opp som separate dokument:
- Karakterutskrift og vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, last dei opp som vanlege filer.
- Relevante attestar som dokumenterer dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar.
Søknadstekst og CV må vere på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Nærare om tilsettingsprosessen her. (https://www.uib.no/foransatte/74251/s%C3%B8keprosessen)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Britt Kristin Holsen ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, telefon 55582315, e-post Britt.Holsen@uib.no
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
FerdigheterAI-generert
- Administrere ressurser
- Akademisk ledelse
- Canvas (læringsstyringssystemer)
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Sekretariat
- Teknisk IT kompetanse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øysteins gate 3, 5007 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Veileder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449215585
- Sist endret




