Sjukepleiar/ vernepleiar/ helsesekretær til legekontor
Avdeling helse, Fyresdal kommune
- Frist 18.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søker ein engasjert og serviceinnstilt sjukepleiar/ vernepleiar/ helsesekretær til 50 % stilling til vårt legekontor. Legekontoret ligg under avdeling helse. Legekontoret ligg midt i sentrum av Fyresdal, og er godt utstyrt. Vi brukar journalsysemet InfoDoc og Profil.
Det samla fagmiljøet består av kommuneoverlege, tre legar i Nordsjøturnus, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesjukepleiar, fagansvarleg psykisk helse og rus, to fysioterapeutar, ergoterapeut og avdelingsleiar. Tannlegekontoret held til i same bygg. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesten i form av interkommunalt samarbeid. Vi har også pr. nå to tilsette i prosjektstillingar, ein knytt til psykisk helse og rus og ein koordinator for førebyggande arbeid.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjonsarbeid og pasientmottak
- Timebestilling og telefonførespurnadar
- Laboratoriearbeid (blodprøver, EKG, spirometri m.m.)
- Sårstell, injeksjonar og andre kliniske prosedyrar
- Administrative oppgåver, inkludert journalføring og oppfylging
- Samarbeid med legar og øvrig helsepersonell
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, ev. fagarbeidar/helsesekretær
- Erfaring frå legekontor er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode IT-kunnskapar og erfaring med journalsystemet InfoDoc
- Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
- Serviceinnstilt, strukturert og sjølvstendig
- Tilgang på eigen bil
Personlege eigenskapar
- Imøtekommande, trygg og profesjonell i møte med pasientar
- Arbeider strukturert, effektivt og sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner og bidrar positivt til arbeidsmiljøet
- Fleksibel og handterer ein variert og tidvis hektisk hverdag
- Ansvarsbevisst og kvalitetsbevisst i ditt arbeid
Vi tilbyr
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Eit triveleg og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Stillinga kan kombinerast med turnusarbeid, dersom ein ynskjer høgare stillingsprosent
Kontaktinformasjon
Jenny Kiland, Avdelingsleiar, +47 45228097Arbeidssted
Landstadvegen 353870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5070979036
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 04.05.2026
Søknadsfrist: 18.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449209133
- Sist endret



