Vi søkjer vikar i 40% stilling som ungdomskoordinator
Solund kommune Oppvekst og kultur
- Frist 23.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Ungdomskoordinator
Er du interessert i å arbeide med oppvekstmiljø, livskvalitet og livsmeistring? Det er mellom anna fast ungdomsklubb kvar tysdag mellom 14.30 og 19:00
Arbeidsoppgåver:
· Leie og drifte Solund ungdomsklubb – tysdagar og enkelte arrangement elles
· Delta i planlegging og arrangere lokal karrieremesse i Solund
· Planlegging og gjennomføring av UKM i samarbeid med kulturskulen
· Delta på arrangement i nabokommunane saman med ungdomane
· Administrering av lokale transportmidlar for ungdom.
· Delta på den årlege Voss-helga
· Drifte SoMe
· Aktivitetar i haustferie og sommarferie
· Bistå ungdomar med å planlegge og setje i drift eigne aktivitetar
Stillinga kan kombinerast med anna arbeid, sjå gjerne på andre stillingar på Solund kommune sine heimesider!
Kvalifikasjonar:
· Fint om du har utdanning innanfor barn og ungdom, men ikkje eit krav
· Viktig å trivast med ungdom
· Interesse for digital medverknad
· Kjennskap til lokalsamfunn er ein fordel
· Førarkort klasse B
- Du har interesse for samfunnsutvikling og engasjement for unge sine levekår
- Du er ein samlande person med evne til relasjonsbygging og samarbeid
- Du har evne til å sjå mogelegheiter for einskilde individ i samanheng med samfunnsbehov
- Du er drivande, med gjennomføringsevne og evne til å arbeide sjølvstendig
- Du har evne til å motivere og inspirere ungdom og unge vaksne
- Personlege eigenskapar vert vektlagt og erfaring med unge vert vurdert positivt
Vi tilbyr:
Løn etter tariff, og pensjon gjennom KLP
Fleksibel arbeidstid
Arbeidstida varierer ein del, med ein del arbeid på kveldar og i helger.
Oppstart i stillinga snarast, med varigheit til 30.11.2026. Det kan vere moglegheit for forlenging
Vi vurderar søkjarar fortløpande, så ikkje vent med å søkje!
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449203828
- Sist endret
