ID 2419 Helsefagarbeidarar - Tenester til heimebuande
Stord kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ønskjer å gjere ein forskjell i kvardagen til andre? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt!
Heimebaserte tenester i Stord er delt inn i område med eigne helseteam. I tillegg har me Demensteam og Sjukepleie- og meistringsteam som gir tenester i heile området. Me jobbar aktivt med å nytte ressursane våre på ein best mogleg måte, med fokus på kompetanse og oppgåvedeling.
Me har 4 faste 100% stillingar ledig for helsefagarbeidarar, i Helseteam 1
Arbeidstidsordning
Arbeidstid etter avtale. Alternativa er:
-
Langvaktsturnus med langvakter kvar 4. helg i årsturnus.
-
Turnus dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg i årsturnus.
Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeidar vil du vere ein del av eit team som gir gode og trygge tenester til brukarane våre, i tråd med vedtak og tildelte timar. Du møter brukar og pårørande med respekt og med fokus på <>.
Kvalifikasjonskrav
-
Autorisasjon som helsefagarbeidar
-
Erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre
-
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
-
Personar med erfaring frå eldreomsorg og som jobbar mot fagbrev, eller lærlingar på siste året, er også velkomne til å søkje
-
Politiattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing
-
Førarkort klasse B
Me ser etter deg som
-
Er ansvarsbevisst, strukturert og nøyaktig
-
Er fagleg oppdatert og engasjert i kunnskapsbasert praksis
-
Har høg arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner
-
Kan arbeide sjølvstendig og målretta
-
Har gode kommunikasjonsevner
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr
-
Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Engasjerte kollegaer med brei kompetanse
-
God opplæring og oppfølging
-
Eit arbeidsmiljø med fokus på ansvar og oppgåvedeling
-
Høgt fagleg nivå
-
IA-bedrift og bedriftshelseteneste
-
Tilgang til Stord Ve og Vel med leige av leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og utstyr
-
Løn og vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktinformasjon:
Kristin Steinsland, Einingsleiar -- tlf. 41 69 42 66
Violeta Ivanauskienste avdelingsleiar -- tlf 967 58 42
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449202752
- Sist endret