ID 2420 Kulturskulelærar treblås, vikariat – Eining for kultur
Stord kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Stord kulturskule er ein frivillig skule som har ei rekke tilbod om undervisning innan musikk, dans, teater, parkour, musikkterapi og visuelle kunstfag. Det meste av undervisninga er lagt til ettermiddagstid og er i Stord kulturhus eller i Osen 6, sentralt i Leirvik sentrum. Kulturskuletilbodet rettar seg i hovudsak mot born og unge i alderen 0 -- 20 år, men skulen har ingen aldersgrense, og er difor open for alle. Kulturskulen har fast fellestid for alle tilsette to dagar i veka. Undervisninga er i hovudsak lagt til ettermiddagstid og det er elevar i alle aldrar, også vaksne. Lærar har tilgang til arbeidsrom/kontor i tilknyting til undervisningsrommet. Stord kulturskule har 550 elevplassar og 16 tilsette og skulen er organisert under Eining for kultur.
Stord kulturskule søkjer etter allsidig lærar som kan undervisa i saksofon. Undervisninga er i hovudsak lagt til ettermiddagstid og det er elevar i alle aldrar, inkludert vaksne.
Lærarane har tilgang til arbeidsrom/kontor i tilknyting til undervisningsrommet. Stord kulturskule er organisert under eining for kultur og held til i Stord kulturhus
Det er ledig eit vikariat på 15% i tidsrommet 07.04.2026 -- 28.02.2027.
Arbeids- og ansvarsområde:
-
Førebu, gjennomføra og evaluera undervisninga
-
Kommunikasjon med føresette, elevar og samarbeidspartnarar
-
Bidra i planlegging og gjennomføring av framsyningar og andre arrangement
-
Bidra til synleggjering av faget og kulturskulen generelt.
Kvalifikasjonskrav:
-
Bachelornivå i musikk eller tilsvarande.
-
Det er ynskjeleg med pedagogikk
-
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskapar:
-
Du er sjølvstendig, målbevisst og engasjert
-
Du holdar deg fagleg oppdatert
-
Du har godt humør og er positiv i møte med elevar, forsette og medarbeidarar
-
Du er fleksibel og løysingsorientert
-
Du må gjerne vera nyutdanna
Me kan tilby:
-
Eit kreativt og hyggeleg fagmiljø med mogleikar for å påverka vidare utvikling av kulturskulen
-
Ein spanande og utfordrande stilling, med stor fridom innan gitte rammer
-
Eige kontor/undervisningsrom
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor/avdelingsleiar i Stord kulturskule, Gareth Whittaker, + 47 53 49 67 98 eller e-post: gareth.whittaker@stord.kommune.no
Ein finn meir informasjon om Stord kulturskule på www.stord.kommune.no/no/stordkulturskule
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449202235
- Sist endret