Vi treng fleire badevakter med reinhaldsansvar ved Vindafjordhallen symjehall!
Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
I 2025 opna Vindafjord kommune ein heilt ny symjehall i Vats. Det er to basseng, sklie og flotte fellesområde, samt fasilitetar for tilsette. Vi treng no fleire badevaktar som skal bidra til tryggleik og gode opplevelsar for besøkjande, og at symjehallen skal bli eit felles samlingspunkt for heile kommunen. Du må like å jobbe i team og det er viktig å bidra der det trengs for å sikre god drift av symjehallen.
Vi har behov for fleire stillingar på ca 20% ved Vindafjordhallen symjehall med arbeidstid for det meste ettermiddag/kveld og helger.
Kva får du jobba med hos oss?
- Badevakt for publikumsbading
- Reinhald og klargjering av symjehall, garderobar og fellesområde
- Kundeservice og sal av billettar
- Førefallande arbeid.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Gode samarbeidsevner
- Gode symjeferdigheiter
- Teknisk forståing
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Informasjon:
Du må vere over 18 år og framvise gyldig politiattest. Opplæring vil bli gitt, men du må vere symjedyktig og kunne dykke ned på botn av basseng. Dersom du har relevant erfaring og utdanning er dette positivt, men ikkje naudsynt. Du blir gitt førstehjelpskurs og livredningskurs før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Bilde: Vindafjordhallen symjehall
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449185632
- Sist endret
