Vi søker en fagleg sterk sjukepleiar / vernepleiar, med ansvar for fagområde
Sveio kommune
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer etter nye kollegaer til Sveio omsorgssenter 75-100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar med ansvar for fagområde, i 2 delt turnus. Fagområdet du får ansvar for vert tilpassa din kompetanse, og for nyutdanna. Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar. Sjå gjerne på vår Instagramkonto; #SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Arbeidsoppgåver
- Medisinfaglege oppgåver og ansvar i tråd med kompetanse
- Ansvar for fagleg utvikling innafor eige fagområde
- Koordinering og oppfølgning av faglig prosessar og aktivitar, knytt til ditt fagområde
- Tverravdelings samarbeid for å styrke heilskapleg kvalitet
- Samarbeid med pårørande, lege og spesialisthelsetenesta
- Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling
- Pådrivar for at brukarar opplever tryggleik og meistring
Kvalifikasjoner
- Autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiar
- 3. års studentar oppmodast til å søkje
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Erfaring frå sjukeheim er ønskjeleg
- Tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Er fleksibel, nysgjerrig og orientert mot løysingar
- Er fagleg interessert oeg held deg oppdatert
- Er trygg i rolla og møter utfordringar med ro og profesjonalitet
- Arbeider sjølvstendig, men er og ein sterk lagspelar
- Kan strukturere og prioritere i en variert kvardag
- Ser verdien av tverrfagleg smarbeid
- Har gode haldningar og set brukar i sentrum
- Kommuniserer godt, både med kollegaer, brukarar og pårørende
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar
Me tilbyr
- 75 - 100% stilling
- Funksjonstillegg knytt til fagområde
- En lærande arbeidsplass med fokus på forbetringsarbeid
- Moglegheit for vidareutdanning
- Faste fagmøter for sjukepleiarar / vernepleiarar
- Godt arbeidsmiljø med fokus på nærvær og fagleg kvalitet
- Gode moglegheiter for utvikling - både fagleg og personleg
Faste sosiale arrangement
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449167230
- Sist endret


