Kyrkjelydsarbeidar / kyrkjelydspedagog
Kviteseid Sokn
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Kyrkjelydsarbeidar / kyrkjelydspedagog
Kviteseid sokn har ledig 40 % fast stilling som kyrkjelydsarbeidar / kyrkjelydspedagog.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja og utføra kyrkjeleg undervisning etter kyrkjelyden sin undervisningsplan.
- Motivere, inspirere og rekruttere frivillige medarbeidarar.
- Delta i gudstenester knytt til kyrkjeleg undervisning.
- Samarbeid med stab om å byggja kyrkjelyd.
- Bidra til annonsering, statistisk rapportering og førefallande kontorarbeid.
Kvalifikasjonar
- Bør ha pedagogisk utdanning og/eller annan relevant erfaring eller utdanning, gjerne frå tilsvarande arbeid i kyrkje eller kristen organisasjon.
- Bør ha erfaring fra arbeid med barn og ungdom.
- Gode kommunikasjonsevner i møte med barn, unge og foreldre.
- Kunnskap til norsk kyrkje- og kristenliv.
- Må kunne arbeide med enkle dataprogram / digitale plattformer.
- Søkjar må beherske norsk språk skriftleg og munnleg.
Personlege egeinskapar
- Ynskjer å legge til rette for og vere med på formidling av Bibelen sin gode bodskap til ei levande tru.
- Vera strukturert, initiativrik, kreativ og ha gjennomføringsevner.
- Må kunne jobbe sjølvstendig og i team, både med stab og frivillige.
- Det vil bli vektlagt at sjøkaren er personleg eigna i denne jobben.
Andre opplysningar
- Søkjar må være medlem i Den norske kyrkja og vera lojal mot DNK si lære.
- Politiattest må framleggas.
- Arbeid på kveldstid og i helger må reknast med.
- Den som blir tilsett må ha førarkort og kunne disponere bil.
- Oppstart så snart som råd
Vi tilbyr
- Løns- og arbeidsvilkår etter KA si tariffavtale.
- Pensjonsordning i KLP.
- Meiningsfylte, varierte og spennande arbeidsoppgåver.
Søknad med CV sendast til post@kyrkjetrappa.no innan 15.02.2026.
For spørsmål ring sokneprest Sigrun Lønning Solvang tlf. 924 18 778 eller leiar i KUL utvalet Astrid Breivik, tlf. 922 99 314.
FerdigheterAI-generert
AI-generert
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Ser du at trusformidling er viktig og trivast i samvær med born og unge, kan dette vera noko for deg.
Planlegging og gjennomføring av tiltak etter trusopplæringsplan og i nært samarbeid med sokneprest.
Vi vil at dei unge skal få møte Han som seier han er Vegen, Sanninga og Livet!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid
- Bransje: Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449162577
- Sist endret

