Helsefagarbeidar Sveio omsorgssenter
Sveio kommune
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter.
Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.
Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.
Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Me har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar.
Arbeidsoppgåver
- Tilrettelegge for god livskvalitet gjennom tilpassede aktiviteter, støtte til eigen meistring, omsorg og utvikling
- Gi nødvendig helsehjelp og yte fagleg forsvarleg pleie i tråd med gjeldande lovverk og interne rutinar
- Utføre dagleg og kvalitetsikra dokumentasjon i pasientjournalsystemet
- Ha ansvar eller medansvar for legemiddelhandtering
- Fremje pasientane si deltaking og bruk av eigne ressursar i ADL
- Samarbeider godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar på tvers av tenestene
- Bidra til trygt og respektfullt samarbeid med pårørande
- Rettleie og støtte elevar, lærlingar og kollegaer i faglege spørsmål
- Vere bevisst rolla di som helsefagarbeidar og bidra aktivt til utvikling av gode og heilskaplege tenester
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norsk kunnskap, både skriftleg og muntleg
- Tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk
- Grunnleggande digitale ferdigheiter og erfaring med dokumentasjon i journalsystem
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel, løysningsorientert og handterer endringar på ein positiv måte
- Er iniativrik og tek ansvar når situasjonen krev det
- Har gode samarbeidsevner og arbeider sjølvstendig med trygg fagleg dømmekraft
- Har evne til å setje fag, kvalitet og god service i fokus
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein trygg og læringsrik arbeidsplass for elevar, lærlingar og studentar - våre framtidige kollegaer
- Bidreg aktivt til å skapa eit inkluderande, støttande og godt arbeidsmiljø, og er ein trygg og god kollega i det daglege samarbeidet
Vi tilbyr
- Etisk refleksjon i grupper og rom for faglege diskusjonar
- Årsturnus med forutsigbar arbeidskvardag
- Dyktige og engasjerte kollegaer i eit inkluderande arbeidsmiljø
- Gode høve for fagleg og personleg utvikling
- Faste sosiale arrangement og ein arbeidsplass med godt samhald
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø i utvikling som du får vere med å påverke og videreutvikle
- Løn etter avtale, samt gode pensjons- og forsikringsordningar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449153933
- Sist endret
