Fysioterapeut med driftstilskot
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Selvstendig næringsdrivende
Haram kommune har ledig 100 % driftsavtale for fysioterapeut frå 01.06.2026.
Heimelen er knytt til Apeks Fysioterapi AS, og praksisen skal drivast frå desse lokala med adresse: Apeks Fysioterapi AS, Slyngstadvegen 4, 6264 Tennfjord. Fysioterapiheimelen skal driftast som eit enkeltpersonforetak. Tiltredande fysioterapeut vil inngå ein leigeavtale med klinikken, med moglegheit for innkjøp på sikt.
Apeks fysioterapi er ein veletablert klinikk som starta opp i 2010, med god tilgang på pasientar. Klinikken har lett tilkomst og gratis parkering. Klinikken blir driven som eit AS, er knytt til Norsk Helsenett og nyttar Physica som journalsystem. Klinikken har to 100% heimlar og har ein stor andel av ortopediske pasientar. Apeks fysioterapi flytta inn i nyoppussa og moderne lokale hausten 2024. Lokala som er universelt utforma, inneheld fire behandlingsrom, areal for kondisjonstrening/oppvarming, MTT-del og ein treningssal.
Driftsavtalen inngår i eit dødsbu, og økonomisk oppgjer (goodwill) blir avklart med etterlatte.
Fysioterapeuten skal drifte praksisen i samsvar med relevant helselovgiving og den til kvar tid gjeldande ASA 4313. Tilfredstillande politiattest må leverast før oppstart, i samsvar med gjeldande regelverk.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet som fysioterapeut med driftsavtale omfattar ei klinisk tilnærming til undersøking, kurativ behandling, rehabilitering/opptrening og førebygging av skade/smerter i muskel- og skjelettapparatet.
- Praksis er forankra i evidensbasert kunnskap.
- Arbeidet inneber pasientforløp med kontinuerleg vurdering av behov og prioriteringar, dette for å bidra til effektive og gode fysioterapitenester i klinikken og i kommunen.
- Aktivt bidra til å fremje helse, førebygge plager og motivere pasientar til ivaretaking av eiga helse. Motivere til fysisk aktivitet, meistring av personlege helseutfordringar og endringsprosessar, individuelt eller i mindre grupper.
- Delta i den daglege drifta og ansvaret for Apeks fysioterapi, samt medverke til positiv utvikling av klinikken på lengre sikt.
Kvalifikasjonar
- Norsk offentleg godkjend fysioterapeut.
- God kunnskap i norsk språk, skriftleg og munnleg (minimum B2 nivå).
- Lang erfaring innan klinisk og diagnostisk fysioterapi; muskel- og skjelettundersøking, kurativ behandling og rehabilitering.
- Spisskompetanse innan klinisk ortopedisk fysioterapi.
- Breiddekompetanse innan fysioterapifaget.
- Erfaring innan drift som sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeut med avtaleheimel.
- Kunnskap og erfaring om takstsystemet (Helfo), gjeldande helselovverk og reglar.
- Førarkort klasse B og må disponere bil.
Personlege eigenskapar
- Påliteleg og pliktoppfyllande med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Strukturert og systematisk, men også løysingsorientert for å gi effektive tenester.
- Empatisk og har evne til å skape gode relasjonar.
- Motivert, engasjert og har stor interesse for fysioterapifagleg utvikling.
- Sjølvstendig, ansvarsfull og med stor arbeidskapasitet, med evne til å organisere/drifte klinikken på eiga hand i periodar (t.d ved ferieavvikling,kurs m.m).
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass som er godt eigna for fysioterapeutdrift, med nye moderne lokale, god plassering sentralt på Eidet (10 min køyring frå Digernes, 20 min køyring frå Moa).
- Ein etablert arbeidsplass med god pasienttilgang.
- Eit positivt arbeidsmiljø med rom for utvikling, vekst og nytenking.
- Ein variert og utfordrande arbeidskvardag, der du får bruke kompetansen din aktivt med fagleg autonomi.
- Du vil inngå i eit lite arbeidsmiljø gjennom å dele erfaringar og få tilbakemeldingar, og saman bygge eit profesjonelt felleskap rundt fysioterapifaget i klinikken.
Kontaktinformasjon
Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, Elly.christine.Volsdal.Slettvoll@haram.kommune.noArbeidsstad
Slyngstadvegen 46264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5065821062
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 22.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448726545
- Sist endret
