Lærarstillingar for skuleåret 2026/2027 - fast og vikariat
Gimle skule, Fyresdal kommune
- Frist 22.2.2026
Gimle skule søker lærarar for skuleåret 2026/2027.
Gimle skule har ledig ei tal lærarstillingar frå 01.08.2025, fast og vikariat i ulike stillingsprosentar.
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med tydelege ambisjonar. Med slagordet "vekst og vilje" arbeider vi målretta for å skape eit attraktivt og berekraftig lokalsamfunn – for innbyggarar, næringsliv og tilsette.
Kommunen satsar offensivt på bulyst, næringsutvikling og innovasjon, og har ambisjonar om å ta ei leiande rolle nasjonalt innan kunstig intelligens (KI) og digital utvikling. I tett samarbeid med næringsliv og kunnskapsmiljø ynskjer vi å legge til rette for nye arbeidsplassar, framtidsretta tenester og berekraftig vekst.
Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på. Her finn du eit levande lokalsamfunn med engasjerte innbyggarar, rike kultur- og friluftstilbod og gode oppvekstvilkår. I Fyresdal får du høve til å kombinere ein meiningsfull jobb med eit godt liv – der det er rom for både fagleg utvikling og kvardagsbalanse.
Å jobbe i Fyresdal kommune betyr å vere med og forme framtida i ein liten kommune med store ambisjonar.
Stillinga er knytt til sektor for kultur og oppvekst og inneber varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø. Sektor for oppvekst og kultur har klare strategiar, der heilskapleg og likeverdig oppvekstperspektiv og er forankra i samfunnsdelen.
Gimle skule er ein 1-10-skule med ca. 140 elevar, som ligg midt i sentrum av Fyresdal i nærleik til symje- og idrettshall, kulturhus, bibliotek, helsehus og barnehage. Det er også gangavstand til butikkar og bygdemuseum. Skulen har skateanlegg, leikeapparat og to fotballbanar som elevane kan utfalde seg på, i tillegg til at den ligg rett ved Hamaren Aktivitetspark som er tilrettelagt for både leik, vandring og sykling. Etter skuletid brukast skulen av SFO og kulturskulen.
Sektor for oppvekst og kultur har klare strategiar, der helse, fritid, lag og frivillige er naturlege samarbeidspartnarar. Heilskapleg og likeverdig oppvekstperspektiv er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel.
Skulen har rektor og assisterande rektor, samt tre lagleiarar som er knytt opp mot småsteg, mellomsteg og ungdomssteg. SFO har eigen pedagogisk leiar.
Oppstart 01.08.2026.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i fag i tråd med lovverk og læreplanar.
- Tett samarbeid med heimar, kollegaer, PPT og BUP gjennom heile skuleåret.
- Delta i skulens kompetanse- og utviklingsarbeid.
- Kontaktlærarfunksjon.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning frå universitet/høgskule, jf. Opplæringslova §17 og Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa §12.
- God digital kompetanse til å nytte skulens digitale plattformer. Vi brukar blant anna Office 365 og ulike Visma-plattformer.
- Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i norsk og engelsk.
- Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i tysk på ungdomssteget.
- Det er ynskjeleg med kompetanse i begynnaropplæring.
- Det er ynskjeleg med arbeidserfaring frå småskulen.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner ovanfor elevar og kollegaer.
- Interesse for og evne til å sette seg inn i nye digitale plattformer/verktøy ved behov.
- Trygg og tydeleg leiar i klasseromma og god relasjonskompetanse.
- Eit positiv elevsyn og tru på at elevane kan lykkast.
- Engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtaleverk.
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar.
- Ein spennande og variert kvardag.
Anna informasjon:
- Namn på søkarar kan bli offentleggjort, jf. offentleglova § 25.
- Ved tilsetting vil det bli det stilt krav om politiattest.
Kontaktinformasjon
Anders Bergsland, Rektor Gimle skule, +47 97734152Arbeidssted
Fyresdalsvegen 22373870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5070456321
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 10.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448683547
- Sist endret
