Prosjektleiar: Læring i friluft
Sogn Friluftsråd
- Frist 13.2.2026
- Ansettelsesform Prosjekt
Vil du bidra til meir praktisk og variert undervisning i grunnskulen?
Prosjektet Læring i friluft skal vere eit kompetanseløft for lærarar som tek i bruk naturen og nærmiljøet som læringsarena i ulike skulefag.
Prosjektet går føre seg i perioden 2026–2028. Friluftsrådet vil inngå samarbeid med 10–15 skular i regionen. Kvar skule får fagleg støtte og rettleiing på eigen skule, og peikar ut to ressurslærarar som deltek i ei ressursgruppe på tvers av deltakarskulene. Ressursgruppa vil ha ein til to felles samlingar kvart år.
Me søkjer no ein prosjektleiar som skal ha ei rettleiande og koordinerande rolle i prosjektet. Friluftsrådet gjennomfører prosjektet i samarbeid med mellom anna Høgskulen på Vestlandet, Breheimsenteret og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Prosjektleiaren vil få opplæring i Læring i friluft-metodikken.
Målet med prosjektet er å bidra til at naturen vert ein naturleg del av skulekvardagen – ikkje som ei ekstra oppgåve, men som eit pedagogisk verktøy som gjer undervisninga enklare, meir variert og meir motiverande. Friluftsrådet ynskjer særleg å satse på grunnskulen i dette arbeidet.
Veke 13 blir det fagsamling for prosjektleiarar med opplæring i Læring i friluft metodikken for alle deltakande friluftsråd. Det er ynskjeleg at den som vert tilsett kan delta på fagsamlinga den veka, sjølv om engasjementet skulle starte seinare.
Stillinga er mellombels med ei varigheit på 12 månader, med moglegheit for ytterlegare 12 månaders forlenging. Stillinga er i utgangspunktet 100 %, men lågare stillingsprosent kan avtalast ved behov.
Arbeidsoppgåver
Tileigne seg oppdatert kunnskap om metode og verktøy for Læring i friluft
Organisere og halde kurs for lærarar i Læring i friluft-metode, med tilhøyrande rettleiing
Besøke skular som deltek i prosjektet, samt delta i ressurslærarane og skulane sin aktivitet
Søknadsskriving, budsjettansvar og føring av prosjektrekneskap
Representere friluftsrådet i fagfora og nettverk
Andre arbeidsoppgåver knytt til friluftsrådet sine aktivitetar vil kunne tilkomme
Kvalifikasjonar
Relevant skulefagleg/pedagogisk kompetanse
Undervisningserfaring frå skuleverket
Kompetanse og erfaring relatert til uteskule og friluftsliv
God munnleg og skrifteleg framstillingsevne
Lokalkjennskap er eit føremon
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjonsevner
Evne til å oppnå mål og resultat
Like å kombinere kontorjobbing med utstrakt samarbeid
Løysingsorientert og initiativrik
Strukturert, sjølvstendig og flink til å samarbeide
Me tilbyr
Løn etter avtale
Offentleg tenestepensjon i KLP
Fleksibel arbeidstid
Eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sogn Friluftsråd er friluftsrådet som held til inst i Sognefjorden. Fjorden bind saman våre medlemskommunar Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Vi skal vi arbeide for eit attraktivt og tilgjengeleg friluftsliv i Sogn. Saman med kommunane og frivillige organisasjonar skal vi arbeide for at våre innbyggjarar får oppleve livsvarig friluftsglede, heile året!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Trolladalen 30, 6856 Sogndal
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Lærer/Lektor, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleiar, undervisning, grunnskulen, friluft, natur
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448680966
- Sist endret

