Avdelingsleiar - 100 % fast
Heimebaserte tenester, Vinje kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vårt nye blad i firkløveren i heimetenesta i Vinje?
Vinje kommune søkjer ein tydeleg og engasjert avdelingsleiar til heimetenesta på Rauland.
Som avdelingsleiar får du ei viktig rolle i å skape trygge og fagleg gode tenester for brukarane våre. Du vil leie eit dyktig og engasjert lag av medarbeidarar, som kvar dag gjer ein forskjell og som du får vere med å støtte, utvikle og løfte vidare
Du blir ein del av eit leiarteam med to avdelingsleiarkollegaer og verksemdsleiar, der me samarbeider tett og støttar kvarandre i drift og utvikling. Det første året vil du få eit skreddersydd leiaropplæringsprogram og tett oppfølging av ein eigen leiarmentor – slik at du får ein trygg og god start.
Avdelinga er sett saman av fleire tenester som saman bidreg til heilskapleg oppfylging av brukarane våre: heimesjukepleie, dagtilbod for heimebuande personar med demens, heimehjelp og heildøgnsbemanna omsorgssenter. Til saman utgjer dette eit mangfaldig og kompetent fagmiljø på om lag 22 årsverk.
Har du lyst til å vere med og utvikle framtidas heimetenester i Vinje? Då vil me gjerne høyre frå deg!!
Arbeidsoppgåver
Ditt leiaroppdrag
- Ha heilskapleg ansvar for drift, kvalitet, økonomistyring og utvikling av heimetenestedistriktet
- Sikre fagleg forsvarlege og samanhengande tenester, i tråd med vedtak og lovverk og gitte økonomiske rammer
- Vere ein trygg og tydeleg leiar, som byggjer godt arbeidsmiljø, nærvær og kompetanse
- Leie og bidra aktivt i utviklings- og endringsarbeid i heimetenesta, mellom anna knytt til innføring av årsturnus
Leiing og personal
- Personalansvar med dagleg leiing og oppfylging av medarbeidarar
- Planlegging og oppfylging av bemanning og turnus i tråd med budsjett og behov
- HMS-arbeid m.a oppfylging av sjukefråvær og ivareta eit inkluderande arbeidsliv
- Rekruttering, opplæring og medarbeidarutvikling
Fag, kvalitet og samarbeid
- Oppfylging av fagleg praksis og internkontroll
- Sikre at vedtak, rutinar og gjeldande regelverk blir følgde
- Kompetanseoppfølging i avdelinga
- Samarbeid med brukarar og pårørande
- Leie månadlege bebuarmøte ved omsorgssentere
Økonomi
- Budsjettansvar og ansvar for god utnytting av tildelte ressursar
- Månadleg økonomioppfylging og rapportering
- Fylgje opp budsjett, identifisere risiko og setje inn nødvendige tiltak
- Samarbeid med verksemdsleiar om økonomiplanlegging og tiltak
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg utdanning på minimum bachelornivå
- Erfaring frå helse- og omsorgstenester
- God forståing for turnus, bemanning og ressursstyring
- Økonomiforståing
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Ynskjeleg kompetanse
- Leiarutdanning og/eller erfaring frå leiing
- Erfaring med utviklings- og endringsarbeid
- God digital kompetanse og erfaring med fagsystem. I Vinje nyttar me Profil som EPJ-system og Gat til personalplanlegging og ressursstyring
- Erfaring og interesse for moderne, digitale hjelpemiddel i helse- og omsorgstenestene
Personlege eigenskapar
- Du er tydeleg og trygg i leiarrolla, og kommuniserer klart i kvardagen
- Du er relasjonssterk og tillitsskapande, og møter medarbeidarar og samarbeidspartnarar med openheit og respekt
- Du arbeider strukturert og utviklingsretta, og har blikk for kvalitet og forbetring
- Du er robust og løysingsorientert, og handterer endringar og krevjande situasjonar på ein god måte
- Du har gode samarbeidsevner, og bidreg til fellesskap og godt lagarbeid
Personleg eigenskaper vil bli vektlagde ved tilsetjing.
Me tilbyr
- Ei leiarstilling med stort handlingsrom og reell moglegheit til å påverke utviklinga av heimetenestene
- Tett samarbeid i eit leiarteam med høg fagleg kompetanse
- Støtte i utviklings- og forbetringsarbeid
- Skreddersydd opplæringMentor
- Tilrettelegging for leiarutdanning og kompetanseheving
- Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Liv Berit Versto, Verksemdsleiar heimebaserte tenester, +47 91765497, liv.berit.versto@vinje.kommune.noArbeidsstad
Setali 6A3864 Rauland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5065416321
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448677520
- Sist endret


