Tannhelsesekretær
Sentrum tannhelseområde - Sørås tannklinikk
- Frist 13.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Sentrum tannhelseområde har ledig fast 100 % stilling som tannhelsesekretær frå 01.05.2026 ved Sørås tannklinikk.
Sørås tannklinikk er en lys og triveleg klinikk som ligg nær bybanestopp ved Lagunen kjøpesenter. Klinikken har 10 behandlingsrom der det jobbar 7 tannleger, 3 tannpleiare og 8 tannhelsesekretærar. Tannklinikken har eit godt arbeidsmiljø, og ansatte med lang erfaring. Vi har pasienter i alle aldre og utfører eit breitt spektar av tannbehandling.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arbeidsoppgåver
Som tannhelsesekretær hos oss vil du mellom anna:
- utføre klinisk assistanse ved tannbehandling
- utføre røntgentaking
- ha ansvar for oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
- ha ansvar for reinhald, sterilisering og vedlikehald av utstyr
- halde deg fagleg oppdatert og følgje gjeldande lover, retningsliner og rutiner
- jobbe med ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
- delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling.
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
- Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg.
- Det er ønskjeleg at du har tidlegare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste, og bruk av journalsystemet Opus.
- Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først
- kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
- kan arbeide sjølvstendig, strukturert og meistrar travle dagar
- er positiv og serviceinnstilt
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- har interesse for fagleg utvikling – og deler kunnskapen din med andre
Vi tilbyr
- ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- løn etter gjeldande tariff
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Ingrid Helen Bøe Knudsen, Klinikkleiar , 40454664Arbeidsstad
Steinsvikvegen 4325239 Rådal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5068294496
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448676031
- Sist endret
