Lege i spesialisering Øre-Nese-Hals sjukdomar
ØNH ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 13.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig fast stilling som lege i spesialisering innan Øre‑Nese‑Hals sjukdomar
ØNH‑seksjonen består av 5 overlegar og 4 LIS‑legar, og omfattar både høyrselssentral og audiopedagogisk eining. Seksjonen er fagleg brei og har eit variert og spennande arbeidsmiljø.
Om seksjonen
Vi dekkjer eit breitt kirurgisk spekter, mellom anna:
- mellomørekirurgi
- bløtdelskirurgi
- nese‑ og bihulekirurgi
- larynkskirurgi
- plastisk ansiktskirurgi
Det er tett samarbeid med barneavdeling, inkludert barne- og nyfødtintensiv, samt kreftavdelinga.
LIS har eiga vaktordning. Utdanningsløpet er lagt opp slik at du får utvikle ferdigheiter innan heile breidda av ØNH‑faget.
Spesialistutdanninga skjer i samarbeid med ØNH‑avdelinga ved St. Olavs hospital i Trondheim.
Oppstart snarast eller etter avtale med leiar. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar i seksjonen bli ledige, og søkjarar til denne utlysinga kan bli vurderte også til desse.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og eventuelt anna relevant dokumentasjon, skal leggjast ved søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i poliklinikk
- Sengepostarbeid
- Operasjonar i lokal- og generell anestesi
- Delta i etablert vaktordning
- Deltaking i seksjonen si internundervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Søkjar må beherske eit skandinavisk språk, både skriftleg og munnleg.
- Erfaring innan ØNH-fag og evtentuelt andre fag kan vere relevant
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er strukturert og imøtekommande
- Du er pasientorientert
- Du har gode samarbeidseigenskapar
- Du er engasjert
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Monika Dahl Berget, Seksjonsleiar, +47 70105271, Monika.Berget@helse-mr.noLars Duwe, Seksjonsoverlege, Lars.Friedrich.Duwe2@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5067538450
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448662991
- Sist endret
