ID 2416 Lærlingar 2026 - Stord kommune
Stord kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Lærling
Stord kommune er ein spanande og variert arbeidsplass der du vil få utvikla deg både fagleg og personleg. I våre einingar vil du som lærling jobba saman med dyktige rettleiararar og kollegaer som meir enn gjerne deler sin kunnskap og erfaring med deg. Som lærling i Stord kommune er du med på å levera og vidareutvikla kommunens viktige tenenester til innbyggarane.
Stord kommune skal ta inn 21 nye lærlingar i 2026.
Me søker lærlingar i fylgjande lærefag:
-
Helsearbeidarfaget - oppstart 17.08.2026
-
Barne- og ungdomsarbeidarfaget - oppstart 03.08.2026
-
IT-driftsfaget - oppstart 17.08.2026
-
Malar og overflatebehandlarfaget -- oppstart 17.08.2026
-
Brannførebyggjarfaget (feiar) -- oppstart 17.08.2026
-
Anleggsmaskinførarfaget -- oppstart 17.08.2026
I helsearbeidarfaget vil du væra innom ulike arbeidsplassar, som blant anna institusjon, habilitering og heimebaserte tenester. I barne- og ungdomsarbeidarfaget vil læreløpet verte delt mellom barnehage og skule.
Me ser etter:
-
Deg som har eit rett utdanningsløp
-
Deg som har eit sterkt ynskje om å bli fagarbeidar
-
Du som er villig til å læra
-
Du som er ansvarsbevisst, nøyaktig, og strukturert
-
Deg som har høg arbeidskapasitet, er påliteleg, fleksibel, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
-
Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
-
Har gode datakunnskapar
Elevar i vidaregåande skule søkjer gjennom www.vigo.no innan 1. mars og sender i tillegg elektronisk søknad til Stord kommune.
OBS! I tillegg til elektronisk søknad til Stord kommune, må du senda inn kompetansebevis og relevante attestar innan 1. mars. Desse skal sendast saman med søknaden eller ettersendast via eDialog: Send sikker digital post til Stord kommune
Frist for å sende søknad til kommunen er 1. mars.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448661529
- Sist endret

