Konsulent/spesialkonsulent - HR, personal og løn
Giske kommune
- Frist 16.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst å jobbe med menneske, organisasjon og utvikling i tett samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer?
Giske kommune søker to engasjerte medarbeidarar i fast 100% stilling i personalavdelinga. Avdelinga har det overordna ansvar for personal, løn, HR- og HMS- området, og har ei brei kontaktflate ut mot leiarar, tilsette og tillitsvalde. Du vi delta i felles faglig utviklings- og forbetringsarbeid innan personal, løn og HR-området. Ein viktig del av arbeidet er å bidra til at leiarane får god rettleiing og at det er effektiv flyt i systema vi nyttar. For nødvendig samhandling fagleg og sosialt, er det ein føresetnad at du er til stades ved og tilgjengeleg i arbeidsmiljøet på dagleg basis.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det lagt vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.
Dokumentasjon på utdanning og praksis må følge med søknaden. I tillegg må du oppgi referansar og noverande/siste leiar må vere ein av dei.
Arbeidsoppgåver
Som konsulent/spesialkonsulent vil du gi både spesialisert og generell støtte til alle einingane i komunen innan personal, løn, HR og HMS
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna kunne omfatte:
- Rådgjeving innan tariff-, lov- og avtaleverk
- Arbeidstidsordningar og turnus
- Arbeid knytt til personal, løn og refusjonar
- Digitalisering og utvikling (nytte eksisterande system fullt ut)
- Oppgåver knytt til HR og HMS arbeidet i kommunen
- Merkantile oppgåver i organisasjonen
Oppgåver og ansvarsområde kan bli endra ved behov.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, gjerne innan administrasjon og/eller HR. Realkompetanse kan kompensere for manglande utdanning.
- Relevant arbeidserfaring
- God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
- God digital kompetanse. Det er ein fordel om du har kjennskap til Visma Enterprise, Webcruiter og Acos WebSak
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- er service-, endrings- og løysingsorientert
- er påliteleg, strukturert og sjølvstendig
- er engasjert, initiativrik og positiv
- har gode samarbeidsevner
- kommuniserer klart og presist på norsk, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit engasjert og fagleg godt arbeidsmiljø
- Eit tenesteområde i utvikling
- Fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og system
- Konkurransedyktig løn
- Fleksibel arbeidstid
- Tilsetjing på kommunale vilkår med god pensjonsordning i Klp.
- Gratis parkering
Kontaktinformasjon
Eli-Marie Sandvik, HR-sjef, +47 41702360Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5071284229
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448660978
- Sist endret
