Ledig stilling i Skånevik barnehage
Etne kommune Skånevik barnehage
- Frist 8.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Har du lyst til å ha ein meiningsfult kvardag med varierte arbeidsoppgåver? Skånevik barnehage treng fagarbeidar/assistent i 100% vikarstilling, frå februar til og med juni. MEN med moglegheit for å få 100% vikariat i eit heilt år!
Arbeidsoppgåver- Være ein trygg og tilstedeværande vaksen i barnas kvardag
- Delta i leik, aktivitetar og kvardagsrutiner
- Samarbeide med øvrige tilsette for å skapa eit godt og inkluderande miljø
- Bidra til praktiske oppgåver i barnehagen
Du må ha gode norskkunnskaper.
Erfaring frå arbeid med barn eller relevant utdanning er ønskeleg.
Me ser etter deg som har eit varmt hjerta for barn og trives i barnehagemiljø. Som er ansvarleg, stabil og samarbeidsvillig.
Me tilbyr- Eit knallkjekt og inkluderande arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsdagar og verdifull erfaring
- Opplæring og støtte frå dyktige kollegaer
- Moglegheit for meir arbeid ved behov
Barnehagen følgjer gjeldande reglar for politiattest. Attest må framvisast før oppstart.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448641479
- Sist endret
