Fagarbeidarar i skulane og på SFO i Etne kommune
Etne kommune Oppvekst og kultur
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Etne kommune søkjer engasjerte og dyktige fagarbeidarar til årsvikariat og faste stillingar til skule og SFO.
Me ser etter deg som brenn for gode skuledagar, trivsel og fagleg utvikling.
Om skulane:
Enge skule, ein kombinert 1–10-skule i sentrum av Etne, har 433 elevar.
Skånevik skule, ein kombinert 1–10-skule i Skånevik, har 95 elevar.
- Oppfølging og omsorg for elevar.
- Samarbeid og kommunikasjon.
- Praktisk pedagogisk arbeid i klassane og på SFO; i grupper og saman med einskild elevar.
Er du fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar eller miljøterapeut som ynskjer å jobba i skulen / SFO så kan denne stillinga passa for deg. Er du ufaglært og trivst med å arbeida med barn og unge er du også velkommen som søkjar.
Me ynskjer at du spesifiserer i søknaden:
Om du er aktuell søkjar for begge skulane, eller om søknaden berre gjeld Enge skule, Skånevik skule.
Kven er du?
- Du er ein trygg og tydeleg vaksen.
- Du brenn for elevane si utvikling, trivsel og meistring.
- Du samarbeider godt og bidreg til eit positivt miljø.
- Du har god arbeidskapasitet.
- Du kan identifisera deg med og arbeida etter verdiane trygg, raus og engasjert.
Me legg vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr- Ein jobb i ein kommune som prioriterer eit trygt og godt skulemiljø.
- Tett samarbeid i profesjonelle læringsfellesskap.
Me ser fram til å høyra frå deg og ynskjer deg med på laget.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448633793
- Sist endret

