Ferievikarar i heimetenesta sommaren 2026
Avdeling for heimebaserte tenester, Nissedal kommune
- Frist 13.2.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Heimebaserte tenester treng ferievikarar i perioden 22.06.26 - 09.08.26.
Gode bonusordninger om du bind deg for fleire veker.
Vi søkjer deg som har godt humør, likar å jobbe med menneske, og som kan vere ein god og lojal medarbeidar. Du vil bidra til eit positivt fag- og arbeidsmiljø, og vi set pris på godt humør og ståpåvilje.
Som vikar i heimetenesta vil du utføre varierte pleie- og omsorgsoppgåver i private heimar. Du vil møte mange nye menneske og få verdifull arbeidserfaring som du kan ta med deg vidare i arbeidslivet. Om du ikkje bur i Nissedal, vil du også få oppleve ei bygd med eit mangfald av flotte turmål og fjelltoppar.
Heimetenesta i Nissedal består av heimesjukepleie, heimehjelp og korttid/rehabiliteringsavdeling. Tenesteområdet gir rom for fagleg utvikling og utfordringar i arbeidskvardagen. Vårt overordna mål er å levere tenester av høg kvalitet, slik at dei som mottar tenestene våre har det best mogleg. Vi har stort fokus på fag og den enkelte brukar sine behov og medverknad.
Søknaden må innehalde:
- Når du kan byrje i stillinga
- Kor lenge du kan jobbe
- Om du ynskjer å jobbe langvakter
- Om du ynskjer fridagar eller det er helger du ikkje kan jobbe i den perioden du bind deg for, må dette kome fram i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Pleie- og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim eller på korttids- og rehabiliteringsavdelinga
- Utdeling av legemiddel
- Stell og pleie
- Klargjering av måltid
- Dokumentasjon
- Samarbeid med brukar og pårørande
Det kan også i nokre høve vere behov for oppdrag innan heimehjelp med reinhaldsoppgåver som: praktisk bistand som å støvsuge, reingjere golv og bad, skifte på seng, vask av kle, innkjøp av matvarer og utlevering av middag
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Sjuke-/vernepleiestudentar vert oppmoda til å søkje
- Elevar med helsefagleg bakgrunn
- Assistentar
- Sertifikat klasse B. Du bør også kunne køyre bil med manuelt gir.
- Omstillingsevne
- IKT- kunnskapar til dokumentasjon
- Beherske norsk munnleg og skriftleg (ønskeleg med bestått norsktest B1-nivå)
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen.
Vi oppmodar særleg studentar innan helse, sosialfaglege og pedagogiske studie til å søkje.
Erfaring frå heimetenester og/eller korttid- og rehabilitering er ein fordel, men opplæring vert gjeve viss du ikkje har erfaring.
Personlege eigenskapar
- Du ynskjer å bida til å gi eit godt tilbod til brukarane våre
- Eit ønske om å jobbe med menneske
- Du må ha gode samarbeidsevner og vise engasjement
- Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag og vera fleksibel då arbeidet stadig er i endring
- Du må ha gode relasjonelle ferdigheiter og vera ansvarsbevisst
- Evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet
- Det er ein fordel om du har erfaring frå tilsvarande arbeid, men dette er ikkje ei føresetnad
- At du er lojal, har ståpåvilje, løysingsorientert og er motivert til å lære
Vi tilbyr
- Meiningsfull sommarjobb som vil gje deg nyttig og verdifull arbeidserfaring med rom for faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
- Løn etter gjeldande avtalar, med eigen avlønning for studentar med relevant høgskuleutdanning.
- Bonusordningar. Om du bind deg for 5 eller fleire veker der arbeidsgivar har styringsrett vil det bli utbetalt bonus for 5 ( 7500 ,-) ,6 ( 10.000) og7 ( 15.000) veker
- Varierte arbeidsoppgaver
Anna
Alle nye vikarar må ta ulike e-læringskurs innanfor omsorg før stillinga startar.
Naudsynt opplæring vil bli gitt og du vil få ein eigen kontaktperson som følger deg opp.
Kontaktinformasjon
Solveig Nilsen, Avdelingsleiar for heimetenestaArbeidsstad
Sollivegen 23855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5072478110
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448580066
- Sist endret



