Fastlege/Helsestasjonslege
Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Prosjekt
Ledig mellombels stilling som fastlege/helsestasjonslege
Bjørnafjorden kommune har ledig 100% mellombels stilling fordelt 60% stilling som fastlege og 40% stilling som Helsestasjonslege frå mars 2026 til mars 2027
Osøyro legesenter og helsestasjonen ligg i Os sentrum, med kort reiseveg frå Bergen (ca. 2025 min med bil) og gode bussforbindelsar, noko som gjer det enkelt å kombinere arbeid i kommunen med nærliggjande byområde. Vi søkjer deg som ønskjer å jobbe i eit engasjert, positivt og inspirerande arbeidsmiljø. Du er fagleg trygg, trivst med samarbeid og tverrfagleg arbeid, og har eit særleg engasjement for barn og ungdom. Du arbeider strukturert og sjølvstendig, men set òg pris på fagleg fellesskap og er villig til å bidra aktivt i vidare utvikling av legekontoret og dei kommunale helsetenestene.
Om Legesenteret
Legesenteret opna i nye, moderne lokaler i januar 2024 og er eit nyskapande kontor i oppbyggingsfasen. Her driv fire legar praksis, støtta av tre helsesekretærar. Vi har moderne utstyr og gode fasilitetar, og gir moglegheit til å vere med og påverke vidare utvikling av praksisen.
Arbeidsoppgåver
Fastlegekontoret (60 %):
- Klinisk arbeid som fastlege
- Avhjelpe dei andre fastlegane
- Bidra til vidareutvikling av legesenteret og samarbeidsrutinar
Helsestasjonen (40 %):
- Helseundersøking i tråd med nasjonale faglege retningslinjer for helsestasjon og skulehelseteneste
- Tverrfagleg samarbeid, både internt og med andre tenester innan 1. og 2. linjetenesta
- Bidra til å sikre og utvikle den medisinskfaglege delen av helsestasjonstenesta gjennom systemarbeid og samarbeid med våre andre legar
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som lege
- Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Du må legge fram gyldig politiattest
- Du har gjennomført LIS1
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Eigenskapar
- Du har fokus på god medisinsk behandling
- Du er ansvarsfull, fleksibel, positiv og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har interesse for allmennmedisin, førebyggende arbeid og arbeid med barn og ungdom
- Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Fastlønn etter gjeldande avtaler
- Insentivavtale 20% som næringsinntekt (30% om du er spesialist i allmennmedisin)
- ALIS - spesialiseringsløp og veileder av spesialist i allmennmedisin
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdaga
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Allmennmedisin
- Legetjeneste
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata, 5209 Os
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Allmennmedisin, Lege, Spesiallege
Nøkkelord
fastlege, helsestasjon, barn, ungdom, lege
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448556079
- Sist endret
