Assistent kjøkken
Vaksdal kommune
- Frist 10.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vaksdal Kommune søker no ein assistent som kan hjelpe til på kjøkkenet på Ressurssenteret kvar 3. helg - dagtid.
Ressurssenteret heldt til i to av etasjane på Vaksdal sjukeheim.
2. etasje har 15 langtidsplassar for personar med demens fordelt på 2 avdelingar.
3. etasje er somatisk avdeling, med til saman 15 pasientar fordelt på to avdelingar
Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.
Arbeidsoppgaver
- Lage og klargjere måltid
- Handtere allergen og spesialkost
- Oppvask (maskin og manuelt)
- Reingjere kjøkken, utstyr og arbeidsflater
- Kontrollere temperatur, datomerking og lagring
- Handtere avfall og kjeldesortere
Kvalifikasjonskrav
- Norskferdigheiter– du må kunne forstå og følge rutiner, og ofte kommunisere med pleiepersonell.
- Fysisk kapasitet – noko løft, ståing og tempo kan førekomme.
Ønskeleg kompetanse
- Kurs i hygiene og mattryggleik.
- Kjennskap til arbeid i helse- og omsorgssektoren.
- Erfaring frå storkjøkken, kantine, institusjonskjøkken.
- Kunnskap om ernæring.
Personlege egenskapar
- Samarbeidsevne og serviceinnstilling – tett samarbeid med helsepersonell.
- God personleg hygiene og rutiner for smittevern.
- Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode.
- Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter.
- Du kommuniserer godt og kan samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv.
- Er påliteleg og stabil.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagte.
Vaksdal kommune tilbyr
- Løn i tråd med tariff og lokale kompetansetillegg.
- Gode moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Individuell oppfølging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448548402
- Sist endret


