Fagansvarleg kokk
Avdeling pleie og omsorg, Fyresdal kommune
- Frist 26.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagansvar kjøkken og vaskeri.
Fyresdal pleie- og omsorgssenter (POS) har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. Pluss 1 ØHD plass.
Hos oss skal bebuarane oppleve eit godt og
framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er
pålagt i helse- og omsorgslovgivinga.
Kjøkkenet som høyrer til på POS, har som målsetting å lage mest mogleg heimelaga mat og tilpasse kosten til brukarens behov. Vi lagar også mat til heimebuande eldre.
Vi
ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må
også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode!
Vi ynskjer DEG med på det laget
Arbeidsoppgåver
- Tilberede mat og måltider, planlegging av kost og diettar, internkontroll mat, bestilling av matvarer, ansvar for opplæring og tilrettelegging
- Fagansvar kjøkken og vaskeri, adminstrative oppgåver på faste kontordager
- Dersom det vert intern opprykk ved tilsetting, vil der bli anna ledig stilling som institusjonskokk
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som institusjonskokk
Personlege eigenskapar
- Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
- Likar utfordringar
- Gode digitale ferdigheiter
- Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Årsturnus med jobb dagtid og kvar 3. helg
- Kommunale vilkår, inkludert god pensjonsordning
- Løn etter avtale
- Løpande barnehageopptak
Tilsettingsvilkår
- Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk
- Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato
- Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve
Kontaktinformasjon
Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +47 90770830, gry.bergland@fyresdal.kommune.noArbeidssted
Prærien 233870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5070241820
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448539044
- Sist endret

