Lærling i energimontørfaget
Linja AS
- Frist 28.2.2026
- Ansettelsesform Lærling
Vil du ha arbeidsdagar fylt med læring og utfordringar? Bli lærling i Linja!
Bli ein del av framtida - start karrieren hos oss! I år tar vi inn lærling i Bremanger, på Nordfjordeid og i Dragsund.
I Linja får du lære, meistre og sørge for straum til alt samfunnet vårt treng. Du får ansvar, og du vil arbeide med små og store oppgåver i eit stort geografisk område.
Vi har til ei kvar tid rundt 20 lærlingar, og tar inn nye kvart år. Vi har eigen fagansvarleg for lærlingar, i tillegg får du dyktige fagmentorar som guider deg gjennom heile læretida. Vi kan love deg at du får prøvd deg i høgda, så vel som på bakken, alltid i lag med gode kollegaer.
Vi oppfordrer alle som ønsker seg et ettertrakta fagbrev i ei berekraftig, spennende og framtidsretta næring, om å søke.
Arbeidsoppgåver
Ein lærling i Linja har ein variert arbeidskvardag. Du er mykje ute, høgt og lågt, i toppen av master til kabelskøyt i grøft. Du får opplæring i:
Drift og vedlikehald av høg- og lavspent installasjoner
Nybygging, rehabilitering og feilretting
Kontroll og befaring av linjer, kablar og andre installasjoner
Våre krav til deg:
Du tenker sikkerheit, HMS først
Pliktoppfyllande og påliteleg
Du liker fysisk arbeid, inne, ute og i høgda!
Tek initiativ og er nysgjerrig
Samarbeidsvillig og positivt innstilt
Sosial og omgjengeleg
Lærevillig
Hos oss får du
Ein spennande arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver
Tett oppfølging av fagansvarleg i heile lærlingeperioden
Gode velferds-, pensjons- og forsikringsordningar
Morgendagens samfunn krev både meir, og stadig sterkare nett. I denne stillinga vil du vere ei viktig brikke for ei meir berekraftig framtid. Bli med på denne reisa, vi gler oss til å motta søknaden din!
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for å blant anna verifisere opplysningar i CV og anna tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir gjennomført av Semac AS etter at kandidat er orientert om og har godkjent dette.
Ferdigheter
- Drift og vedlikehold av elektriske høyspenningsanlegg
- Environment, Health and Safety (EHS)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi byggjer og driv straumnettet mellom fjordar og fjell frå Sunnfjord i sør til Trøndelag i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her.
Mange av stillingane vår har valfri opmøtestad. Det gjer livet litt meir fleksibelt for deg - vi kan finne gode løysingar for den rette kandidaten!
Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi er 287 tilsette, som inkluderer 20 lærlingar. Vi forsyner over 105 000 kundar med straum i nettområdet.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 4
- Sted: Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
- Flere arbeidssteder: Hornelsvegen 2471, 6719 Skatestraumen, Flata 29, 6770 Nordfjordeid
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Energimontør, HMS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærling, straumnett, drift, vedlikehald, feilretting
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448535643
- Sist endret
