Faste helgestilingar for sjukepleiestudentar
Utgreiingsmottak I, Helse Bergen HF, Mottaksklinikken
- Frist 13.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst til å jobbe i eit spennande og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken? Vi har ledige faste helgestilingar for sjukepleistudentar.
Utgreiingsmottak 1 har 23 senger og er delt i to team: Team UMO 1 med 17 senger og Team Akuttposten med 6 senger. Dei tilsette er knytta til eit av dei to teama, men vi samarbeider og jobbar på tvers ved behov.
Team UMO 1 greier ut pasientar med uklare og samansette sjukdomsbilete tilhøyrande alle kliniske avdelingar. Her blir pasientane tatt i mot av eit tverrfagleg team beståande av legar, sjukepleiarar og andre helsefagarbeidarar. Liggetida er inntil 3 døgn. Eit av måla for Mottaksklinikken er at pasienten skal få rett diagnose så raskt som mogleg og komme til rett behandling på rett stad.
Team Akuttposten tar imot pasientar som treng medisinsk overvaking og behandling etter inntak av rusmiddel, eller ved behandlingskrevande abstinens. Vi har ein individtilpassa tilnærming, og er opptatt av å ikkje oversjå somatiske årsaker til pasientens tilstand. Gjennomsnittleg opphaldstid er ca. 24 timer (maks.48 timer).
Arbeidsoppgåver
- Pleie og behandling til pasientar
- Kontinuitet i observasjon blir særs viktig i denne eininga og du skal følge opp pasientane og delta i utgreiing
- Andre oppgåver i samband med drift av posten
Kvalifikasjonar
- Studentar med relevant helsefagleg utdanning, må ha pleieerfaring
- Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarandetilsvarande, og du har god munnleg engelsk kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er punktleg og påliteleg
- Du trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig og ta rette avgjerder
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du må både kunne vere «drivande» og audmjuk
- Du er god til å se kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- God opplæring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ine Skåtøy, Seksjonsleiar , 55971802Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5072158950
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448535350
- Sist endret

