LIS-lege i arbeidsmedisin, 1 års-utdanningsstilling. LSR-nr. 13235
Arbeidsmedisinsk seksjon, Helse Bergen HF, Yrkesmedisinsk avdeling
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus, har ledig inntil 200 % stilling for lege i spesialisering i arbeidsmedisin, men det er mogleg å diskutere deltidsstilling. Stillingane er mellombelse i 1 år frå tilsetjingsdato ved 100 % stilling, ved redusert stilling kan tilsetjing forlengjast tilsvarande. Desse stillingane vil passe inn i eit utdanningsløp der t.d. fire av dei andre fem år blir tekne innan bedriftshelsetenesta for å oppnå spesialiteten arbeidsmedisin. Stillinga vil vere tilknytt arbeidsmedisinsk seksjon i Helse Bergen HF.
Arbeidsmedisinsk seksjon arbeider for å førebyggje sjukdom og fremje god helse ved å påvise og auke kunnskapen om samanhengane mellom arbeidsmiljøfaktorar og helse. Dette går føre seg gjennom utgreiing av arbeidstakarar, pasientar, kunnskapsformidling, prosjektarbeid og forsking. Seksjonen har ansvar for Helseregion III (Vestland og Rogaland), og har i tillegg ei nasjonal behandlingsteneste: spesifikk bronkial provokasjon ved yrkesrelatert astma.
Yrkesmedisinsk avdeling er organisert i Arbeidsmedisinsk seksjon, Regionalt senter for astma, allergi og oversensibilitet, Seksjon for hyperbarmedisin, Norsk senter for maritim- og dykkemedisin, Sykepleieseksjonen og Merkantil seksjon. Avdelinga har derfor eit unikt tverrfagleg preg som gir store moglegheiter for læringsarenaer også på tvers i avdelinga. Den faste staben ved arbeidsmedisinsk seksjon er breitt sett saman med overlegar i arbeidsmedisin, lungelegar, dermatolog, yrkeshygienikarar, nevropsykolog og Lis legar i arbeidsmedisin. I tillegg samarbeider ein med sjukepleiarar, administrativt personell, legespesialistar og andre fagpersonar ved dei andre seksjonane.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inngår i aktiviteten på seksjonen med fokus på utdanningsplanen for spesialiteten arbeidsmedisin og det er ønskjeleg at utdanningsplanen på kandidaten blir vedlagd søknaden
- Poliklinisk aktivitet
- Sakkyndig arbeid med yrkessjukdomssaker
- Undersøkelser av arbeidsmiljø
- Undervisning og formidling
- Førebyggjande arbeid og avdelinga sine forskingsprosjekt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent turnusteneste/LIS-1 teneste, eller teneste som etter norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i arbeidsmedisin
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarsande
- Det blir lagd vekt på erfaring innan arbeidsmedisin og kor langt ein har komme i utdanningsplanen for arbeidsmedisin (ønskjeleg at vedleggjast)
- Det blir lagd vekt på erfaring som bedriftslege og anna relevant klinisk erfaring
- God skriftleg dokumentasjonsevne
Personlege eigenskapar
- Interesse og motivasjon for fagfeltet
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
- God fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
- Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
- Du kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver
Vi tilbyr
- Den som blir tilsett vil få ein rettleiar og delta i det regulære utdanningsprogrammet til avdelinga
- Den som blir tilsett får delta i eit stimulerande arbeidsmiljø med høg tverrfagleg kompetanse
- Muligheter for etter- og vidareutdanning med årlege kursdagar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrer alle søkere til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ole Jacob Torkildsen Møllerløkken, Seksjonsleiar, +47 97042384Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5059967552
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 08.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448535192
- Sist endret