Sceneteknikar
LL Det Norske Teatret
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer sceneteknikarar!
Har du ein lidenskap for teater, og ønskjer å utvikle deg som sceneteknikar?
Vi har to ledige faste stillingar som sceneteknikar, og søkjer deg som er eit allsidig, engasjert og fleksibelt teatermenneske med ein god kombinasjon av praktiske og kreative eigenskapar.
Arbeidsoppgåver:
Du skal utføre scenetekniske oppgåver under prøver og framsyningar i tillegg til rigg, reparasjon og vedlikehald av utstyr. Du vil saman med resten av sceneteknisk team være med på å levere tekniske løysningar til teaterets produksjonar. Du vil også jobbe tett saman med andre faggrupper på teateret.
Kvalifikasjonar:
relevant utdanning og/eller erfaring frå tilsvarande arbeid
initiativrik og evne til å jobbe sjølvstendig
omgjengeleg og innstilt på å yte god service
god ordenssans og gode samarbeidsevner
god kjennskap til HMS-arbeid vil vere ein fordel
førarkort og truckførarbevis er ønskjeleg
Vi tilbyr:
utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver
eit triveleg og kreativt arbeidsmiljø
god kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
gunstig ferieordning
lønn etter tariffavtale
Arbeidstid i samhøve med skiftordning og du må vere innstilt på kvelds- og helgearbeid.
Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår, til å søkje.
Ferdigheter
- Erfaring fra byggarbeid, reparasjon og vedlikehold
- Reparasjon
- Riggearbeid
- Teaterdekorasjoner
- Vedlikehold av utstyr
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret er eit av landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.
- Sektor: Privat
- Sted: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Underholdning
- Stillingsfunksjon: Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sceneteknikar, sceneteknisk, teater, førarkort, rigg
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448504183
- Sist endret
