Har du tru på at alle menneske kan studere eller få seg ein vanleg jobb?
Nav Bergen sentrum // Regionkontor Bergen
- Frist 12.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Blir du motivert av å jobbe med unge menneske? Har du tru på at alle menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar kan studere eller få og behalde ein vanleg jobb? Ønsker du å gjere ein skilnad i eit særs viktig samfunnsområde og har du erfaring frå å jobbe med unge menneske mot arbeid og utdanning? Då er dette ein jobb for deg. Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team der jobbspesialistar, behandlarar og Nav jobbar tett saman rundt den unge for å skape heilskaplege og berekraftige løysingar.
IPS-ung er Individuell jobbstøtte (IPS) for unge menneske med større innsats både mot utdanning og arbeid. Det er ein metode for å følge opp unge personar med psykiske lidingar og samansette utfordringar som ønsker utdanning eller arbeid, og som har behov for koordinerte tenester inkludert behandling samstundes med hjelp av ein jobbspesialist. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få og stå i ordinær utdanning eller løna arbeid.
Nav IPS Bergen søker no etter ein jobbspesialist som skal jobbe etter IPS-metodikk med innsats overfor for unge mellom 16 og 18 år i BUP Betanien. Stillinga vil inngå Team Betanien, knytt til Betanien DPS. Du blir formelt tilsett ved Nav Bergen sentrum, men får kontorplass på BUP Betanien. I praksis vil du bruke mykje tid ute i lokalmiljøet.
Vil du bli med på å utvide IPS satsing mot barn og unge i Bergen? Søk stilling hos oss, og du vil få jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø med stor fagleg bredde, tett samarbeid og stort utviklingsfokus. Vi ber deg seie noko i søknaden din om kva som motiverer deg for stillinga, og kunnskapen din om IPS må og framkomme i søknad eller CV.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe etter IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, Nav og studiestader/arbeidsgivarar
- Oppsøke utdanningsinstitusjonar og drive aktiv jobbutvikling hos bedrifter, skape dialog og bygge nettverk
- Vere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og studiestadar eller arbeidsgivarar (65% av arbeidstida)
- Følge opp eigen portefølje på 20 deltakarar og identifisere deira interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt matche desse med riktig utdanning eller jobb
- Rettleie jobbsøkarane i søkeprosessen
- Engasjere og motivere både jobbsøkar, studiestadar, arbeidsgjevarar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar
- Bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteamet
- Dokumentere arbeidet i fagsystem
Kvalifikasjonar
Du må ha
- Fullført høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring med IPS eller god kjennskap til prinsippa i IPS (erfaring frå Supported Employment kan og vere aktuelt)
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ønskeleg at du har
- Erfaring frå å jobbe med unge menneske mot arbeid og utdanning i målgruppa 16-18 år
- Kunnskap om utdanningsmoglegheiter, samt lokal og regional arbeidsmarknad
- Erfaring frå oppsøkande verksemd og nettverksbygging
- God rettleiingskompetanse eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
- Kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helseutfordringar
Vi ser etter deg som
- Er god til å kommunisere med ulike menneske og som skaper gode og trygge relasjonar
- Er god til å motivere og inspirere
- Kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere uventa hendingar
- Trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat
- Er sjølvgåande med evne til eigenmotivasjon
Vi tilbyr
- Moglegheit til å gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- Ein spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
- Opplæring, kurs og kompetanseheving
- Stillingskode 1434 Rådgivar i lønnsspenn frå kr. 622 000 til kr. 660 000 per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
Les meir om å jobbe i Nav
Kontaktinformasjon
Aina Merete Steinsland, Avdelingsleiar IPS, 913 64 345, aina.merete.steinsland@nav.noArbeidsstad
Møllendalsveien 65009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5065322569
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448490492
- Sist endret


